AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
14. januar 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Nasjonalteater UTAN TAK

I Afghanistans hovudstad Kabul er det gamle Nasjonalteatret opna på nytt, melder Aftenposten. I ti år har det vore forbode å spele der, og den krigsskadde teaterbygningen manglar tak, veggar og golv. No vil dei norske teatra hjelpe til med gjenoppbygginga, men Kulturdepartementet nøler.

- Moralsk vil dei absolutt få støtte frå Kulturdepartementet, seier ekspedisjonssjef Kjell Myhren til avisa i ein kommentar til at norske teater vil hjelpe til med gjenreisinga. - Men om vi kan gi pengestøtte er det for tidleg å seie noko om.

Fellesmarkering
Både Oslo Nye Teater, Hålogaland Teater, Nationaltheatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene i Bergen ynskjer å finne eit opplegg for å støtte gjenoppbygginga, ifylgje Aftenposten. Teatersjef Vidar Sandem ved Det Norske Teatret meiner ei fellesmarkering frå teatra vil gje dobbel effekt:
- Det vil ikkje berre være ein human-politisk måte å opplyse om Kabul-teatrets behov på, men det vil også gje inntekter til formålet. Dette er noko Teaterleiarforeninga bør diskutere, seier Sandem til Aftenposten.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no