AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
31. januar 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Hedmark Teater med
HOLLYWOOD-NOSTALGI


Det er innspurtstemning ved Hedmark Teater for tida. Det nærmar seg premieren på storsatsinga Mack & Mabel der det unge regionteatret skal få ein stab på 74 unge og vaksne til å gje publikum ei musikal-oppleving utanom det vanlege.

Mack & Mabel
handlar om stumfilmstjerna Mabel Normand (1894-1930) og regissøren Mack Sennet i stumfilmens Hollywood. Mabel Normand er for dei fleste mest kjent frå filmane ho laga saman med Charlie Chaplin. Saman med Edna Purviance var Mabel Nordmann sentral i suksessen til stumfilmlegenda.

Det er Anderz Døving som er regissør og koreograf for framsyninga. Svein Årseth (Jesus Christ Superstar ved Trøndelag Teater i 1999)  har rollen som Mack Sennet og Julie Dahle Aagård spelar Mabel. I dei andre rollene finn vi Kristin W. Eriksen, Morten Rudå, Mads Bones, Camilla Brandt Kippersund, Peter Kippersund, John Nyutstumo, Harald Sætervoll, Espen Furuseth og Eugenio B. Morales. Øyvind Roos er leiar for dei ti musikarane medan scenograf Sten Jensen er sjef for scenebiletet.

Ungdomstalent
Det spesielle med framsyninga er at Hedmark Teater har fått med seg over femti ungdommar som aktørar i framsyninga. Teatret har nærmast saumfart regionen for ungdomstalent til småroller, statistar, kor og dansarar.


22. februar er det klart for skandinavisk premiere på Kongsvinger. Då blir det nok både badenymfer, Keystone Cops og flygande blautkaker...!


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no