AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
11. mars 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



<">

Strømgren med
TRIST PIANIST

Den kjende koreografen Jo Strømgren har for første gong skrive eit teaterstykke - om skrivesperre og hovudverk. Kva er då meir naturleg enn å finne på ein slavisk dialekt og dele ut ordliste til publikum?


Laurdag ligg det med andre ord til rette for ei spennande teateroppleving på Torshovteatret. Strømgrens stykke Pianisten - tristere enn moll handlar om ein drikkfeldig komponist med skrivesperre, ein lettlurt husvert, den rå og drikkfeldige kona hans, ei sky og talentfull nabojente og ein fritt-talande nordmann.

Ingen av desse er hovedpersonar i stykket: Den rolla har eit svartlakkert Bohemia flygel, handplukka av Jiri Linka, læraren til Leif Ove Andsnes!

Hovudverk
Vi er på slutten av 70-talet, ein stad langs breidda av Donau. Den tyske pianisten og komponisten Walter Hölle har søkt tilflukt hjå ein slavisktalande familie med minimale tyskkunnskapar. Han møter veggen under arbeidet med livsverket sitt - den store "Kopfschmertzsonaten".

Husverten Milan og nabojenta Jelena prøver å hjelpe han ut av depresjonen. Milans drikkfeldige kone, Vesna, gjer istaden situasjonen vanskelegare. Det ser kritisk ut for Walter då ein tidlegare leigebuar frå Noreg, Harald, dukkar opp, og dei byrjar å rulle opp årsaken til komponistens sine skrivevanskar.

Kostymeansvarleg Strømgren
Vi får tru eit høveleg laurdags-vorspiel i midten av mars, om det etter nachspielet er nok med "piano" paracet eller om det må til piller med meir "forte" vil søndagen vise.

Medverkande er Kåre Conradi, Ågost Senstad, Kjersti Elvik, Espen Reboli Bjerke og Thorbjørn Harr. Ansvarleg for regi, koreografi og tekst og scenografi og (!) kostymer: Jo Strømgren.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Myrvegen 14, 2312 Ottestad
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no