AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
11. april 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



<">

Dramatikerpris
til FÆRØYANE

Den færøyske dramatikaren Jóanes Nielsen har fått den nordiske dramatikarprisen for 2002, for stykket Hedder noget lang Weekend? For to år sidan gjekk denne prisen til Jon Fosse og Ein sommars dag.

Nielsen får dermed sin andre pris for dette stykket som gjekk med stor suksess våren 2001. Den gongen vann han ein færøysk dramatikarkonkurranse. Utdelinga av prisen skjer i august på Nordisk teatermøte på Færøyane.

Psykiatrisk alvor og humor
Hedder noget lang Weekend? går føre seg på ei lukka psykiatrisk institusjon, og juryen uttalar at "alvor og humor er en del av forfatterens styrke så der fremstår en humoristisk og original scenetekst, der er overraskende og åbner vores sind."

Den nordiske dramatikarprisen vert delt ut kvart andre år, og for to år sidan gjekk prisen til Norge ved Jon Fosse. Nominert frå Norge denne gongen var Niels Fredrik Dahl med Som torden. I Franzisca Aarflots regi vart stykkets engelske versjon Like thunder lønna med pris på Edinburghs Fringe Festival og denne oppsetjinga skal gjeste Færøyene under årets Nordiske teatermøte.

Elektra frå Island
Danmark hadde nominert Menneskesøn av Morti Vizki, eit tragikomisk skodespel om kva som ville skjedd dersom Jesus hadde vendt tilbake til vår moderne verd. Frå Sverige kom Maria Bloms Masjävlar, ei frisk og moderne folkekomedie, som hadde stor suksess på Dalateatern i Falun.

Frå Finland kom Kristian Smeds Ett hus där mörkret tätnar. Island var representert med Hranfnhildur Gudmundsdottirs høgst personlege tolking av den greske myten om Elektra, Easy now medan Grønland hadde nominert det episke diktet Quasapis sidste dag av forfattaren, diktaren, komponisten og regissøren Villads Villadsen. Stykket hadde premiere i fjor haust i regi av norske Indra Lorentzen.
(Kjelde: Pressemelding frå Norsk Teaterunion)


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Myrvegen 14, 2312 Ottestad
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no