AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
6. mai 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



VEST ER BEST?

Dei fire vestlandsfylka kan kome fram til ei samla fråsegn på Scenekunstutvalet si innstilling Etter alle kunstens regler. Det er nettstaden til Norsk Teater- og orkesterforening (NTO) som melder dette.

Fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, har teke initiativ til ein teaterkonferanse for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
- Det er mulig at vi her blir samde om ein felles vestlandsk høringsuttalelse til Scenekunstutvalgets Etter alle kunstens regler, seier Osland til NTOs IdaLou Larsen.

7 av 19 teaterinstitusjonar
Ifylgje NTO minner Osland om at dei fire fylka har heile sju av Norges 19 teaterinstitusjonar: Rogaland Teater, Haugesund Teater, Den Nationale Scene, Carte Blanche, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Teatret Vårt.
 
- Til saman representerer dei fire fylka våre ganske mange av innbyggjarane i Noreg, seier Osland.

Det var på oppdrag frå dei fire fylkeskommunene at kulturforsker Georg Arnestad utarbeidde ein rapport om føresetnader og utfordringar for ein felles kulturregion på Vestlandet.

Kulturregion Vestlandet
Dei fire fylkeskommunene skal ifylgje NTO behandle rapporten på politisk nivå. 
- Ein slik "Kulturregion Vestlandet" med større råderett over økonomiske ressurser og betre samspel mellom kulturinstitusjoner og fagmiljø vil bety mykje for å skape kulturell meirverdi i regionene, sier LIdvin M. Osland.

Ei slik samordning av synspunkt på Scenekunstutvalet si innstilling blir truleg ei utfordring for dei sentrale politikarane når innstillinga skal handsamast. Innstillinga har skapt sterke reaksjonar både på Den Nationale Scene og i regionteatra, som føler seg degradert. Lokale politikarar med kjenslevare antenner for Oslodominans kan gjere dette til eit spørsmål om distriktspolitikk, med eit fornærma Bergen som lokomotiv.

Dersom vestlandsteatra får til ei brei regional mobilisering bak eit felles standpunkt er dei på offensiven. Scenekunstutvalet kan dermed ha kome til å provosere fram eit ressurssterkt teatersamarbeid som til no har mangla på Vestlandet. 

Relatert link:
En felles kulturregion? Av IdaLou Larsen. NTOs heimeside 3. mai 2002
Samleside om scenekunstutvalet innstilling. Teaternett 6. april 2002

 


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Myrvegen 14, 2312 Ottestad
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no