AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
10. mai 2002

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



CARTE BLANCHE
opnar Festspela

Når Festspela i Bergen markerer 50-årsjubileum ville direktøren opne med noko Vestlandshovudstaden ikkje hadde for eit halvt hundre år sidan: Norsk samtidsdans. Og dermed var det klart for Jo Strømgren og Lux Aeterna.

Korleis vert kvardagen i himmelen - om det er dit vi kjem? Er det eit kvitt venterom i eit evig lys, ein uendeleg ferie, meiningslaust komfortabel?
Koreografen Jo Strømgren skal ta publikum med til livet etterpå, der ulike menneske finn på dei mest latterlege leikar for å slå æva i hel... Strømgren byr på overraskande tankar og bilete i ei tid då redsla for fortapinga og draumen om himmelen ikkje lenger styrer liva våre, heiter det i pressemeldinga frå Carte Blanche.

Brass frå Strilelandet
Trompetar og basunar må likevel til - med eit brassband frå Strilelandet. Eikanger Bjørsvik Musikklag skal stå for den himmelske lyden. Publikum kan vone på ei fengslande framsyning, prega av naivt alvor, scenisk poesi og varm humor. Jørgen Knudsen har komponert musikken, og scenograf Ingvild Hovind har fantasert seg fram til ein himmelsk bakhage.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no

-

Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Myrvegen 14, 2312 Ottestad
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no