AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
5. april 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



SATSAR på PEER

Ifjor omsette Peer Gynt for 20 millionar kroner i Gudbrandsdalen. 12 000 menneske såg framsyninga ved Gålåvatnet i fjor, og no vil direktør Eli Blakstad bruke 30 millionar på Ibsen-figuren for å få til næringsutvikling i dalen.

- Skal vi være på hogget om fem år, er det no vi må satse, seier Blakstad til avisa Gudbrandsdølen. I planane som er lagde fram skal mellom anna scene-anlegget ved Gålå-vatnet betrast ut med 500 sitjeplassar, tidsmessig toalettanlegg og andre trivselstiltak for publikum.

Til USA før 2010
Planane er langsiktige og går heilt fram til 2010. Med i visjonane er også tanken om ei stor USA-framsyning av Peer Gynt.

Blakstad vonar å få med seg Staten, Regionrådet Midt-Gudbrandsdal, Innovasjon Norge, Oppland fylkeskommune, Vegvesenet, Forskningsrådet, Aetat, kommuner og næringsliv på omfattande investeringar på tilsaman 11,5 millionar. Sjølv skal Peer Gynt AS satse 5 millionar frå eigne midlar.

Dal i vekst
For 2006 er det budsjettert med ein omsetnad på 30 millionar kroner til dei ulike arrangementa i Peer Gynt-stemnet. Det første stemnet vart skipa til i 1928, og Gålå-framsyninga har vore årviss kvar sommar sidan 1989. Stadig fleire vil sjå Peer Gynt i friluft: Ifjor såg 12 000 personar framsyninga som vart utseld til siste billett, i år er det lagt til rette for 14 000. Om det nye anlegget kjem på plass skal heile 18 000 få del i arrangementet.

- Det har dei siste åra vore ei rivande utvikling i distriktet. Mykje nytt står på trappene. Utvikling av Peer Gynt er ei utvikling av heile Gudbrandsdalen, seier Blakstad til Gudbrandsdølen.

Relaterte linkar
Peer med planer for 30 millioner kroner Av Bjørn Brandt. Gudbrandsdølen 2. april 2004

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no