AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
25. november 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



LYSKASTAR-RAN i København

- Det kongelege Teater er ikkje eit Fort Knox - det er absolutt ikkje umogleg å kome inn. Kanskje har tjuvane vore inne når vi låste, seier bygnings og driftssjef  Carsten Andersen til danske Politiken etter at lyskastarar for 550 000 kr er stolne frå teatret.

Elles er det ifylgje avisa litt av eit mysterium korleis tjuvar har kome seg sporlaust unna med dei 22 Poul Henningsen-kastarane frå det fornemme teatret.

Populært tjuveriobjekt

Spekulasjonane går på at det er eit bestillingsverk med profesjonelle gjerningsmenn. Lampefabrikanten Louis Poulsen fortel at nettopp slike lampar er eit populært tjuveriobjekt. Truleg er lyskastarane frå Det kongelege firt ned frå taket via eit vedlikehaldsstillas i ly av nattemørket.

Tellepråser og svovelstikker
Lyskastarane, som ikkje lenger i produksjon, er omlag halvannan meter høge og veg 18 kg kvar. 10 av desse store lyskastarane stod i ein av den Kgl. Balletts store prøvesalar. 12 mindre såkalla "Charlottenborg"-pendler manglar frå to mindre prøvesalar. Den kongelege scenen skal imidlertid sleppe å bruke tellepråser og svovelstikker i juleframsyningane. Lampane er allereie erstatta med nye frå teatrets driftsavdeling, melder Politiken.

Relaterte linker:
Mystisk lampetyveri på Det kongelige Teater Av Peter Thygesen. Politiken 24.november 2005



NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no