AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
22. mai 2007

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



BROADWAY-suksess

vart det for Nationaltheatersjef Eirik Stubø og Vildanden i natt. Stubø si oppsetjing av Ibsens dramaturgiske meisterdrama fekk den såkalla Obie-prisen av amerikanske kritikarar, melder NRK Kulturnytt og Aftenposten.

Ifylgje Aftenposten hausta Stubø gode kritikkar, mellom anna i New York Times, då oppsetjinga gjekk på Brooklyn Academie of Music i fjor haust. Obie-prisen, eller Off Broadway Theatre Awards, som han eigentleg heiter, vert delt ut til meir intime og ikkje-kommersielle teaterproduksjonar på Broadway. Prisen vert rekna for å ha vel så høg prestisje som den kommersielle Tony-prisen.

Stubø tok prisutdelinga roleg ifylgje Aftenposten. Han var i Bergen for å arbeide med eit Jon Fosse-stykke til Festspela og hadde ikkje høve til å ta imot prisen personleg.

Relaterte linkar:
Norsk teater høster amerikansk pris. Av Joacim Lund. Aftenposten 22.mai 2007
New York Theatre Wires: "The Wild Duck" Lands in Brooklyn
Brooklyn Academie of Music:The Wild Duck
Norway.org. Ibsen in The United States

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no