AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
13. mai 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



EIN for alle - ALLE for ein?

Ein verkeleg fulltreffar, kallar Sveriges viktigaste avis framsyninga Mariella ved Göteborgs Stadsteater. Suverent spel mellom tenåringsjentene, skriv meldar Mikael Löfberg i Dagens Nyheter.
 

Dei tre jentene Mariella, Angela og Katja lever i eit grenseland mellom barn og vaksne, skule og heim, leik og seksualitet. Dramatikaren Mirja Unge har skrive stykket, og skal vi tru anmeldaren til Dagens Nyheter meiner dramatikaren har klart å skape ei eiga språkverd i dette stykket.

"Fektar" for livet
Han samanliknar dei tre jentene med Dumas sine Tre musketerar, der dei "fektar" for livet mot fråverande foreldre eller menn som vil utnytte dei. Og av og til vert presset utanfrå omgjort til mobbing jentene i mellom.

Löfberg meiner at det store med framsyninga er spelet mellom dei tre i hovudrollene, i ein sparsam scenografi. Mia Höglund-Melin spelar Mariella, og er kjenslevar for alle skiftingar i atmosfære og tonefall, på grensa til alle tenkjelege samanbrot.

Mariella står på speleplanen heile konfirmasjonsmånaden mai, på Göteborg Stadsteater.

Relaterte linker:
Mariella i Studion, Göteborg Stadsteater Av Mikael Löfgren, Dagens Nyheter 13. april 2008
Internasjonale Institusjonsteatre

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no