AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
13. mai 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



KRISETIDER for Dramaten

5 millionar i underskot viste tala for 2007, og ved Sveriges største teater vert no alle steinar snudd for å finne vegar ut av den økonomiske krisa, i fylgje Dagens Nyheter.
 

Mellom løysingane er direktesende framsyningar på TV og kino. Samstundes arbeider teatret med utvikling av regionale miniteaterfestivalar.

Etterlyser mangfald og breidde
Sjefen for Dramaten, Staffan Valdemar Holm, etterlyser visjonar frå politikarane for å skape mangfald og breidde i Teater-Sverige:

- Det er eit problem at alle i Sverige trekkjer i same retningen, frå den minste frie gruppa til Dramaten, seier han til Dagens Nyheter.

Færre produksjonar
Teatersjef Holm meiner at Dramaten har hatt ein brukbar publikumsstart på 2008, etter at det var svikt i vitjinga i haust. Fleire av framsyningane ligg over budsjettet. Samstundes åtvarar han om at strammare økonomi vil føre til færre produksjonar.

Kulturminister Lena Adelsohn Liljeroth tykkjer ikke teaterkrisa er så alvorleg. Ho meiner departementet har visjonar, der utfordringa rett nok ligg i korleis gjenomføringa blir.


Relaterte linker:
Dramaten ventar ingen forbättring i sin ökonomi Av Juan Flores, Dagens Nyheter 22. april 2008
Applaus for kulturveteran Teaternett 10. mars 2008
Dramatensjefen så rødt Teaternett 14. februar 2008
Tre kronor på Dramaten Teaternett 25. januar 2008
Internasjonale Institusjonsteatre

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no