AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
29. august 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



SMERTELEG sesongstart

Vakkert og grasiøst ser det ut, men det er ei enorm fysisk påkjenning for føtene til dansarane som gjer jobben. - Skrekkblanda fryd, seier dansarane om Tornerose til Aftenposten.

Det er framleis feststemning når operaen opnar sesongen for fullt 30. august med den kjende eventyrballetten til Peter Tsjaikovskij. Men fest for nokon er arbeid for andre.

 - Rolletolkninga går mest ut på å sjå glad og lukkeleg ut, sjølv om du står på eitt bein og har dødsvondt, fortel Christine Thomassen, Maiko Nishino og Eugenie Skilnad til Aftenposten. Dei tre skal bytte på å danse rolla som Tornerose og slit ut eit par tåspiss-sko kvar dag.

- Det er ein storslått, flott produksjon som vi trur vil gjere seg ekstra godt i den nye operaen vår. I tillegg til det er det viktig å gjere denne typen klassikarar, for å utvikle dei tekniske dugleikane i kompaniet, seier ballettsjef Espen Giljane til Aftenposten.

Relatert link:
Prinsesseprøven Aftenposten, Oslopuls 22. august 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no