AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
26. september 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Opera FRÅ FILM

Malmö opera och musikteater hadde suksess med den filmbaserte operaen Dead Man Walking i fjor. No er Death and The Maiden
klar for publikum.

Malmöperaen sin huskomponist Jonas Forssell har tonesett verket, som byggjer på eit skodespel av Ariel Dorfman. I 1994 vart stykket filma i Roman Polanski sin regi. Åsa Melldahl har regien på Malmö-operaen og Erika Sunnegårdh spelar hovudrolla som Paulina Salas. Den unge Sunnegårdh har allereie gjort kometkarriere etter debuten i 2004, og mellom anna oppnådd suksess på Metropolitan-operaen i New York.

Hemn over bøddelen
Handlinga i Death and The Maiden ligg i Chile, 15 år etter kuppet. Eit av juntaen sine torturoffer møter ein av bødlane sine og planlegg hemn.

Lars Sjögren i Expressen meiner prosjektet er spennande. Det er skakande og sviande vakkert, og lukkas til og med i å nå fram til ein rensande katarsis, skriv han om stykket.

 
Relatert link:
Death and the Maiden Av Lars Sjöberg. Expressen 21. september 2008
Malmö opera og musikkteater

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no