AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
13. oktober 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Liv ULLMANN til scenen

Det er 18 år sidan Liv Ullmann spelte teater i Noreg. No gjer ho seg klar til Lang dags ferd mot natt på Riksteatret i Stein Winges regi.

- Eg byrja på teateret då eg var 17 år, og no vender eg attende i ein alder av 70, seier Liv Ullmann til Aftenpostens Arne Halvorsen i Sao Pãulo. Ullmann er i Brasil i samband med festivalen "Liv Ullmann - skodespelar, regissør og hennar filmar".

Respekt for Winge
- På ein måte er ringen slutta no. Difor er eg både glad og beæra over tilbodet frå Riksteatret om å spele i Eugene O'Neills Lang dags ferd mot natt. Ikkje berre skal eg spele mot tre fantastiske norske skodespelarar, men det skal setjast opp av Stein Winge, som eg har stor respekt for, seier UIlmann til avisa.

Ullmann gler seg både til å arbeide med rolla som den morfinavhengige mora Mary, og til å reise rundt i landet med Riksteatret. Ho ser på Eugene O'Neill som ein av dei største dramatikarane, på line med Tennessee Williams, Anton Tsjekhov og Henrik Ibsen.

I et speil, i en gåte
Veteranskodespelaren er også premiereaktuell med filmen I et speil, i en gåte, basert på Jostein Gaarder sin roman. Ho vonar filmen lukkast, men ser på seg sjølv som statist i filmen. Ifylgje Aftenposten er Ullmann også i rute med andre prosjekt, mellom anna bearbeidinga av Sporvogn til begjær for The Sydney Theatre Company i Australia.
 
Relatert link:
Dobbelt norsk for Ullmann Av Arne Halvorsen. Aftenposten 11. oktober 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no