AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
24. oktober 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Med litt SUKKER på

skeia, går medisinen litt lettare ned. Den angelsaksiske barnekulturen har gjeve oss Harry Potter. Og no gjer Göteborgsoperaen lukke med den flygande barnevakta Mary Poppins.

Gunilla Brodrej i Göteborgsposten tykkjer i alle fall medisinen til Mary Poppins i Stina Ancker sin regi smakar svært så godt. I ein familie som er fanga i konvensjonar og usjølvstendige oppfatningar av korleis livet skal vere, kjem Mary Poppins inn med si store broderte veske. I den finn ho alltid betre og meir morosame måtar å gjere det keisame på. Brodrej meiner regissør Stina Ancker held same nivå som med Mio min Mio på Stockholms Stadsteater for seks år sidan.

Velsmurt og djup
Den nye omsetjinga er både musikalsk og morosam, skriv Brodrej, og uventa djup. Scenemaskineriet er godt utnytta og velsmurt, alt er godt innøvd, ensemblet er strålande der dei dansar, syng og ler i velsitjande 30-talskostymer. Peter Lundquist har flotte sceneløysingar som vert velsigna av dei to lysdesignerane Mats Öhlin og Lars Wern.

Skal vi tru anmeldaren er det altså klart for ”Superkaffiryteflanisötomaxigrafisk”, som fantasiordet til Mary Poppins heiter på svensk. Kanskje det går an å finne anna enn billig kjøt og sprit, ja kvalitetsopera for heile familien, om det blir førjulstur til Göteborg? Tre timar inkludert pause må du i så fall setje av.
 
Relatert link:
Mary Poppins / Göteborgsoperaen Av Gunilla Brodrej. Göteborgstidningen/Expressen 20. oktober 2008
Gøteborgsoperaen

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no