AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
3. november 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



PROSTITUERTE på scenen

Teaterprosjektet Pretty Woman A/S har sett sinna i kok i den danske hovudstaden. Heilt ekte prostituerte kvinner vert henta inn i framsyninga, ja dei kan  til og med vere narkomane. Vert det betre teater av slikt?


Eit slikt teaterstykke kan åpne sår, meiner ein ekspert, og kan kreve terapi og fleire månader med etterbehandling. Og det danske Kompetencenter Prostitution meiner det vil kunne skape vanskar for deltakaren etterpå. Dei deltakande kvinnene kan ikkje forstå rekkjevidda av det som dei er med på. Og saka har skapt bølgjer inn i det danske Folketinget og partipolitikken. Skal det gjevast statsstøtte til slikt?

Med kamera på nakken
Det er Betty Nansen Teatret som står bak det kontroversielle prosjektet. Som del av stykket let dei to instrukturane Tue Biering og Jeppe Kristensen ein skodespelar med kamera på nakken gå ut på Vesterbro i København og kjøpe ein prostituert. Dei kjem så inn på scena og den prostituerte fortel om sitt liv på gata. Er dette "sosialpornografi" eller "viktig kunst"? Er det kvinneforakt og menneskemisbruk? Eller eit forsøk på å slå ned på eit samfunnsproblem?

Teaterredaktør Jakob Steen Olsen i Berlingske Tidende stiller det prinsipielle spørsmålet om "ekte" menneske i det heile har noko på ein scene å gjere? Det er ein trend at røyndommen skal kjennast, også i den fiktive leiken i teatret. Og at dei priviligerte kikar på dei mindre priviligerte. "Kroppen utanfrå" skaper spenning og nerve meiner Olsen, og viser til den tyske teaterteoretikaren Hans-Thies Lehmann som kallar det nye røyndomsteatret for "postdramatisk teater".


Insistere på det fleirtydige
Det postdramatiske teatret droppar forteljinga, i klassisk dramaturgisk forstand, og sideordnar denne med element som song, musikk, video, tekstbitar. Her vert det ikkje spørsmål om svart eller kvitt, men om flytande gråsonar. Dette fører til eit nytt fokus på røyndommen i teatret, men ikkje som på 70-talet: Det nye teatret nøyer seg med å konstatere symptoma, skriv Olsen, i ei form som appelerer til sansane. Ved å insisterte på det fleirtydige vonar det postdramatiske teater å få den som kjøper billetten til sjølv å tenkje seg om og ta stilling. Slik kan den lyslevande prostituerte på scenen gå inn i sanninga si teneste, utan å vere klar over det.
 
Relaterte linkar:
Betty Nansen Teatret
Pretty Woman i sandhedens tjeneste Av Jakob Steen Olsen. Berlingske Tidende  29. oktober 2008
Pretty Woman' i politisk stormvejr Av Tonie Yde Mørch. Berlingske Tidende  23. oktober 2008
"Vi har ikke noget imod at provokere" Av Tonie Yde Mørch. Berlingske Tidende  23. oktober 2008
Politisk splid over prostituerede på teaterscene Av Tonie Yde Mørch. Berlingske Tidende  23. oktober 2008
V støtter prostitutionsteater Berlingske Tidende  23. oktober 2008
Ekspert kritisk overfor teaterstykke Berlingske Tidende  23. oktober 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no