AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
21. november 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



DINOSAURAR til scenen

Neste sommar er det klart for iscenesetjing av 15 livaktige dinosaurar på arenaer over heile Storbritannia. Prosjektet er Walking With Dinosaurs  bygd på den prislønte BBC-serien, sett av nær 700 millionar menneske.


Det er TimesOnline som melder dette, og det gigantiske figurteatret har allereie vore vist for to millionar menneske i USA og Australia. Og det vert sagt: Desse gigantane gjer alt du vil forvente at ein dinosaur kan gjere, bortsett frå å ete publikum. Vi snakkar lene seg over publikum, brøle, snøfte, jakte og sloss med kvarandre.

Det største av monstera, ein brachiosaurus, er 19 meter lang og 12 meter høg. Skaparen er ingen ringare enn Sony Tilders, ein av dei leiande animasjonsingeniørane til Jim Henson's Creature Workshop som også har arbeidd med Star Wars III, Peter Pan og Ghost Rider.

Muskelsekkar
- For å få det til å sjå ut som desse skapningane er av kjøt og blod har vi brukt eit system som vi kallar "muskelsekkar", fortel Tilders til Times Online. - Desse trekkjer seg saman og strekkjer seg, på same måte som musklar, feitt og skinn gjer på verkelege dyr.

Så spørs det om det blir Vikingskipet eller Oslo Spektrum som blir landingsplassen i Noreg?
 
Relatert link:
The monster hit that's coming to a theatre near you Av Ben Hoyle. Times Online 13.november 2008.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no