AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
5. desember 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Avslutta TILSYNSSAK

Leiing, lærarar og studentar ved Den norske balletthøyskole er letta etter at Lotteri- og stiftelsestilsynet ikkje vil setje skulen under administrasjon.

- Skulen har no lagt fram tilfredsstillande dokumentasjon for dei tilhøva vi ville ha gjort greie for, seier seniorrådgjevar i tilsynet Tom Plünnecke til NRK.

Rektor Anne Kristin Norum seier til NRK at det kjennes godt for dei tilsette at skulen no er friskmeldt. Det vart opna tilssynssak mot skulen våren 2008 på grunn av påstandar om dårleg arbeidsmiljø, økonomisk rot og manglar ved undervisninga.

Gransking av kvalitet
Endeleg avklaring av framtida til skulen kjem først på nyåret. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut) legg i januar fram resultata etter granskinga av skulen sitt faglege opplegg.

Den vanskelege situasjonen til skulen gjorde at dåverande rektor Arne Norum måtte gje skulen store private lån for å halde i gang drifta
.
 
Relatert link:
Balletthøyskolen friskmeldt Av Thomas Alvarstein Owe og Sondre Bjørdal. nrk.no 2.desember 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no