AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
15. desember 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



HÅRSBREIDD frå døden

Skodespelaren Daniel Hoevels vart nyleg livstrugande skadd under framføringa av Schillers Maria Stuart ved ærverdige Burgtheater i Wien, melder Aftenposten.

Då rolla til den svenske skodespelaren (30) skulle begå sjølvmord med kniv i sluttscenen hadde rekvisittkniven Hoevels skulle bruke blitt bytta med ein ekte kniv. Sjølv om prislappen framleis hang på kniven, oppdaga ikkje skodespelaren feilen før det var for seint.

Truverdig spel
Publikum såg berre truverdig spel, men forstod at noko var gale då skodespelaren ikkje reiste seg for å ta imot applaus. Ved utruleg flaks skar ikkje kniven så djupt at han traff pulsåra. Dagen etter kunne difor Hoevels påny gå på scenen, med bandasje rundt halsen.

Politiet i den austerrikske hovudstaden etterforskar no saka ifylgje Aftenposten. Dei vil finne ut om kniven var plassert med vilje, som eit drapsforsøk.

Relatert link:
Daniel (30) nær død på scenen Av Ida Halvorsen Kemp. Aftenposten 11.desember 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no