AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
19. desember 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Star WARS til scenen

Dei beste sekvensane frå Lucas til legendariske filmprosjekt vert no gjort klart for scenebruk.

10. april skal det vere klart for premiere på O2 Arena i London, melder Aftenposten med The Times som kjelde.

Opplegget går ut på at dei beste scenene frå Lukas-filmane vert projisert på eit 27 meter breitt lerret, medan Londonfilharmonikarane spelar og skodespelarar fortel.

Arenaprosjekt
Det er enno ikkje heilt klart kva slags scener som skal vere med. Arenaen der det heile skal visast har plass til 17000 menneske.

Det blir fleire og fleire slike store arenaprosjekt. I Los Angeles er det på gang eit stort show basert på Shrek, ifylgje Aftenposten. Eit gigantisk dinosaurshow er også på gang.

Relatert link:
Star Wars blir sceneshow Av Cathrine Berg-Jacobsen. Aftenposten 15.desember 2008
Dinosaurar til scenen Teaternett 21.november 2008
The monster hit that's coming to a theatre near you Av Ben Hoyle. Times Online 13.november 2008.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no