AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
22. desember 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



KulturHOVEDSTADEN vann

Ved slutten av året nærmar Rogaland Teater seg 140 000 selde billettar ifylgje Aftenposten. Folk opplever teatret som sitt, trur teatersjefen.

Med desse tala må både Bergen og Trondheim sjå seg slått av siddisane. Sjef Bjarte Hjelmeland ved DNS heng likevel ikkje med hovudet, etter dei beste publikumstala på ni år:
–Vi makta ikkje å dekkje etterspurnaden frå publikum, seier Hjelmeland til Aftenposten. - Les Misérables kunne vore spelt til påske.

Eventyr i landskap
- Heile regionen har debattert og diskutert kunst og kultur i større grad enn før, seier avtroppande teatersjef ved Rogaland Teater, Hanne Tømta til Aftenposten. Ho trur at folk i Stavanger-området føler eigarskap til teatret. Kulturbyåret har vore eit viktig bidrag med Eventyr i Landskap som eit høgdepunkt.

Sjef Otto Homlung er rimeleg fornøgd med om lag 110000 billettar ved Trøndelag Teater, og peikar på barneframsyninga Jul i Prøysenland som svært vellukka. Ligge i grønne enger vart ikkje den den suksessen som teatret hadde vona.
- Ein kan alltid strekkje seg lenger, seier Homlung.

 Nationaltheatret og Det Norske Teatret vil vente med å leggje fram salstala til januar, melder Aftenposten.

Relatert link:
Rogaland årets teatervinner Av Rolv Christian Topdahl og Anne Cecilie Lund. Aftenposten 20. desember 2008
Trekker flest folk, men får minst statlig støtte Av Rolv Christian Topdahl. Aftenposten 20. desember 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no