AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side oppdatert
1. januar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Harold PINTER er død

Den verdskjende britiske dramatikaren Harold Pinter er død, 78 år gamal. Pinter gjekk bort julekvelden etter lang tids sjukdom, melder The Times. Nyårskvelden vart han gravlagt.

Pinter fekk Nobelprisen i litteratur i 2005 og er rekna som ein av dei sentrale skaparane av absurd dramatikk. Etter mange si meining er han den fremste representanten for britisk drama i det 20. århundre. Britisk teater vil aldri bli det same utan Pinter, skriv teaterredaktør Dominic Maxwell i The Times.

Mørke hjørne
Harold Pinter stirra inn i dei mørkaste hjørna av samfunnet
, skriv Dominic Dromgoole i eit minneord i The Times: Skodespela hans reflekterer ikkje berre det han fann der, men formar på nytt den store verda.

- Harold Pinter lytta til vanlege menneske og fann ein slags poesi i daglegtalen som han klarte å omsetje til scenen, seier Michael Billington til Sky Channel ifylgje Dagens Nyheter. Billington var ein god ven av Pinter, og skreiv biografien The Life and Work of Harold Pinter i 1997.  - Han forstod at vi alle vandrar på kanten av avgrunnen, i våre kvardagsliv.

 
Relaterte linkar:
Goodnight sweet prince: Shakespearean farewell to Pinter  The Guardian  1.januar 2008
Harold Pinter  The Guardian  1.januar 2008
Harold Pinter: The man and his plays  Bildeserie. The Guardian  1.januar 2008
The echoing silence Harold Pinter. The Guardian  31. desember 2008
Harold Pinter: In the shadow of a giant Dominic Dromgoole. The Times Online  28. desember 2008
Nobel-winning playwright Harold Pinter dies Av Patrick Foster. The Times Online  26. desember 2008
British Theater vil never be the same without Harold Pinter Av Dominic Maxwell. The Times Online 26. desember 2008
Harold Pinter är död Av Clas Svahn. Dagens Nyheter 25. desember 2008
Konst, sanning och politik Av Harold Pinter. Nobelforelesning 7. desember 2005
Harold Pinter Teaterleksikon, Teaternett

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no