AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
2. januar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Norsk best i SVERIGE

2008 har vore eit viktig år i svensk teater, skriv svensk teaterkommentator. Og ein nordmann hadde regi på den beste framsyninga.

2008 har tilhøyrt Tsjekhov, skriv den svenske teaterkommentatoren Ingegärd Waaranperä i Dagens Nyheter. Ho opplever den russiske dramatikaren som meir samtidsaktuell enn nokongong. Og Tre søstre av den norske regissøren Alexander Mørk-Eidem gav oss den beste framsyninga, skriv Waaranperä i oppsummeringa av det svenske teateråret.

Sjølvmedviten
Waaranperä meiner i det heile at det har vore moro å sjå kva moderne teaterformer har gjort med gammalt materiale i året som gjekk
. Ho ser det også som positivt at formene vert sprengt, at alt er i utvikling. Ikkje minst gjeld dette skodespelarane: Skodespelkunsten er blitt sjølvmedviten. Og teaterlivet har plassert seg i sentrum av kulturlivet.

Kommentatoren peikar også på opprøret mot den borgarlege regjeringa sin kulturpolitikk, i den såkalla "Skuggeutgreiinga". Dette opprøret vart fødd nettopp gjennom ei teaterframsyning, Det usynlege av Jacob Hirdwall, skriv Waaranperä.

 
Relatert link:
Teatern gör uppror igen Av Ingegärd Waaranperä. Dagens Nyheter  28. desember 2008

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no