AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side oppdatert
13. januar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Hamsun-FRI sone

Teatersjef Otto Homlung ved Trøndelag Teater har ingen planar om å feire at det er 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd, melder Adressa.

- Det grunnleggjande menneskesynet er vanskeleg, og Hamsun skreiv litteratur eg personleg har vanskar med, seier Homlung i Adressa. - Eg vil at litteratur skal ha eit meir humanistisk menneskesyn enn det som Hamsun representerer, sjølv om også eg var forført av Hamsun og språket hans i yngre dagar.


Teatersjefen meiner at Trøndelag Teater ikkje er forplikta til å feire Hamsun, som etter Homlung si meining også var ein dårleg dramatikar.

Bakgrunnen er også den spesielle rolla teatret i Trondheim hadde under krigen, fortel Homlung til NRK idag. Mellom anna vart grunnleggjaren og sjefen for teatret, Henry Gleditsch, skoten av tyskarane 6. oktober i 1942, under terroren i Trøndelag.

To tankar i hovudet
Tidlegare teatersjef ved Trøndelag Teater, Cathrine Telle er kunstnarleg leiar for feiringa av Hamsunjubileet. Ho er ikkje overraska over Homlung sitt syn, men meiner det må gå an å ha to tankar i hovudet samstundes.

- Det at ein er gåverik, tyder ikkje automatisk at ein er eit godt menneske, sa Telle til Dagsavisen førre veke ifylgje Adressa. - Hamsun var truleg eit høgst usympatisk menneske. Men samstundes var han eit geni, og ein av våre største forfattarar. Så urettvis kan verda vere.

Relatert link:

Hamsun? Nei takk! Av Vegard Enlid, Heidi Olliv Wollamo og Kjersti Nipen. Adressa 12. januar 2009
Ingen ende på Hamsun Av Mode Steinkjer. Dagsavisen 8. januar 2009

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no