AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
13. februar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Ynskjer ikkje SAMANSLÅING

Dramatensjefen i Stockholm, Marie-Louise Ekman, vil heller slå seg saman med blomsterbutikken i same kvartal, enn med Kungliga Operahuset, skal vi tru Dagens Nyheter.

Også sjef for operaen, Anders Franzén, er mildt tala skeptisk til framlegget. Det er Folkpartiets Madeleine Sjöstedt, kulturborgarråd i Stockholm, som har kome med innspelet, og ynskjer med dette å få til meir effektiv drift i dei to store teatra. Felles billettsystem, marknadsføringsavdelingar, verkstadar og økonomiavdelingar ville frigjere pengar til Riksteatret, er tanken, ifylgje Dagens Nyheter.

Mindre einingar best
- Det er snarare slik at jo mindre einingar ein har, desto meir effektivt blir det, seier Ekman til Dagens Nyheter. Operasjef Franzén peikar på at operaen har kutta ned omlag 20 millionar kroner mellom anna i personalkostnadar:
- I den grad ein kan finne innsparingar i eit teater meiner eg at det skulle vere naturleg å la pengane gå til kunstnarleg utvikling, ikkje til eit heilt anna teater, seier Franzén til Dagens Nyheter.

Kulturminister Lena Adelsohn Liljerot frå det moderate partiet tykkjer heller ikkje framlegget er aktuelt.

Relaterte linkar:

Sveriges operahus vil samarbeta Av Marcus Boldemann. Dagens Nyheter 11. februar 2009.
Teatrar säger nej till sammanslagning Av Mimmi Fristorp og Fredrik Söderling. Dagens Nyheter 10. februar 2009.
"Nu måste vi slå ihop Dramaten och Operan" Av Madeleine Sjöstedt, kulturborgarråd (FP) i Stockholm. Dagens Nyheter 9. februar 2009.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no