AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
16. februar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



På KONKURSENS rand

På Gladsaxe Ny Teater i København har teatersjefen teke moppen frå reingjeringsassistenten. Og ikkje berre han, men heile det administrative personalet.

Økonomien er kritisk og teatret må ha suksess på Dario Fo-framsyninga De betaler ikke! Vi betaler ikke! hvis drifta skal halde fram, melder Berlingske Tidende. Og det må sparast på alle kantar.

Tung gjeld
For berre nokre år sidan hadde det kreative teatret eit årsbudsjett på 18 millionar kroner. No ligg nervøse kreditorar tungt over teatret som slit med ei gjeld på dryge 3 millionar kroner.

- Det går ikkje ein augneblink utan at eg tenkjer på økonomien, seier teatersjef Kaspar Rostrup (68) til Berlingske Tidende. – Det får mykje kunstnarleg energi til å renne ut i sanden, så eg leikar dagleg med tanken om ikkje å vere her. Men eg elskar likevel denne staden.

Merkar finanskrisa
Teatret høyrde tidlegare til under Københavns Teater, men har no blitt ”egnsteater”. Det gir 4 millionar kroner frå Gladsaxe Kommune. Det er ikkje nok:
- Vi er ein eineståande scene, som eg kan drive for ni millionar i alt, seier Rostrup. – Men våre vanlege tilskotsytarar frå næringslivet kan ikkje lenger gi oss resten av pengane på grunn av finanskrisa.

Og imens går prøvene på Fo-stykket, som sjølvsagt handlar om eit land ramma av finanskrise, vidare på scenen:
- Gud, dei har teke straumen, seier den italienske kvinna, spelt av skodespelar Michelle Bjørn-Andersen. Enn så lenge er det spel og ikkje røyndom...

Relaterte linkar:
Gladsaxe Ny Teater
Inden der bliver slukket for strømmen Av Johan Vardrup. Berlingske Tidende 12. februar 2009

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no