AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
20. februar 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK

Dansk teater MODIGARE

Svenske Stefan Larsson (45) er ny leiar for Aarhus Teater. Og den tidlegare sjefen for Dramatens eksperimentscene El-verket har stor tru på dansk teater, skal vi tru Berlingske Tidende (BT).

- Det er eit teater med stort kunstnarleg potensiale, seier Larsson til BTs Johan Vardrup. – Eg vil gjerne gje plass til den nyskrivne dramatikken på teatret, slik eg ofte gjorde i Stockholm. Og eg ser fram til å arbeide saman med store dramatikar-talent som Astrid Saalbach og Christian Lollike.

Konvensjonelt
Den nye teatersjefen ynskjer at Aarhus Teater skal vere noko for heile Århus, med både breie og avanserte stykke. Han meiner at dansk teater held eit høgt nivå, og er meir modig enn det svenske, som ofte kan bli konvensjonelt.

- Det er særleg menneska på scenen som er viktige for meg, seier Larsson til BT, og vonar også å få til europeisk samarbeid med såvel tyske som svenske scenar
.
 
Relaterte linkar:
Aarhus Teater
"Dansk teater er mer modigt enn svensk" Av Johan Vardrup. Berlingske Tidende 11. februar 2009

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no