AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
13. mars 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK

Spenning om INNLANDET

18. mars blir ein dag utanom det vanlege for teaterfolk i Hedmark og Oppland, skal vi tru Hamar Arbeiderblad (HA). På Honne Hotell og Konferansesenter på Biri blir det felles fylkestingsmøte for dei to fylka, der den endelege avgjerda om Teater Innlandet skal takast.


Laurdag 7. mars var kulturminister Trond Giske på fylkesårsmøte i Oppland Arbeiderparti. Han var heilt klar i meldinga:
- De har ein storfugl - ein orrhane - i handa, sa Giske til årsmøtet. - Då skjønar eg ikkje at de vil velje nokre sporvar på taket!

Dersom ikkje dei to fylka blir samde om ei felles teateretablering vil det bli andre fylke som får dei statlege millionane som er sett av til Innlands-etableringa.

Motstanden mot framlegget var likevel relativ stor på årsmøtet, skal vi tru HA. 44 røyster gjekk mot avtalen, som til slutt fekk fleirtal, med 65 røyster for.

Overstyring
Jan Petter Hammervold frå Lillehammer var ein av dei som meinte at statsråden la for tungt press på årsmøtet:
- Det er overstyring, ikkje demokrati, sa Hammervold ifyljge HA. I Oppland står også ein samla opposisjon mot framlegget, som likevel vil få nok støtte gjennom røystene til AP, KrF og SV:

God sak for Innlandet
I Hedmark er det samstemt glede over at det no ser ut til å gå mot ei løysing for Teater Innlandet:
- Vi er overtydde om at dette vil bli ei god sak for innlandet, både med omsyn til scenekunst og for Innlandssamarbeidet generelt, heiter det i ei felles pressemelding frå SV sine fylkestingspolitikarar i Hedmark og Oppland, skal vi tru HA.

 
Kjelder:
Press fra Giske ga ja til Teater Innlandet. Av Terje Nilsen. Hamar Arbeiderblad 9. mars 2009.
Glede i Hedmark over vedtaket.
Av Ottar Korsnes Hamar Arbeiderblad 9. mars 2009.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no