|
(annonse) |
|
UTFLATING for scenekunst Kulturbudsjettet for 2011 legg framleis opp til vekst for scenekunstområdet. Men kulturminister Anniken Huitfeldt signaliserer indirekte at toppen snart er nådd, enn så lenge, og at det no er tid for konsolidering og utflating. Andre område i kulturfeltet får no prioritet. Dryge 1,630 milliardar (mrd) kroner er ramma i år for post 324, scenekunstfeltet, mot 1,524 mrd i fjor. Det tyder at veksten nesten er halvert i høve til Trond Giskes siste budsjettår, med ein vekst denne gongen på 6,5 prosent, mot 10,2 i fjor. Sakkar akterut Kulturbudsjettet er i framlegget på 8,46 mrd mot 9,27 mrd kroner i fjor. Talet for ifjor lyg litt, fordi kyrkjebudsjettet ikkje som i fjor ligg under Kulturdepartementet. Det reelle talet i fjor var dermed 7,48 mrd. Det tyder at veksten samla for kultur legg opp til 13,1 prosent, dobbelt så mykje som for scenekunstfeltets 6,5 prosent. Det er altså teikn til at scenekunstfeltet sakkar akterut mellom kulturformåla. Halv milliard til Opera Den Norske Opera & Ballett står framleis heilt sentralt i scenekunstfeltet, og nærmar seg ei løyving på halvmilliarden (489 mill mot 440 i fjor). Nesten kvar tredje scenekunst-krone går i år som i fjor til det som no framstår fjellstøtt som flaggskipet i norsk scenekunst. Påplussinga på 49 mill i høve til i fjor, dryge 10 prosent, kjem nok godt med for Tom Remlov og laget hans. Dei andre nasjonale institusjonsteatra får nøkterne tillegg, i det som vel må kallast korrigering for inflasjon: Nationaltheatret (161 mill mot 155 i fjor), Det Norske Teatret (142 mill mot 137 i fjor), og Den Nationale Scene (99,6 mill mot 96,5 i fjor). Operaen dreg altså i frå, og får i 2011 over 80 mill meir enn dei andre tre til saman. Nytt av året er at ein i budsjettet kan lese om løn- og tilsettjingsvilkåra til leiarane av desse institusjonane, under kapitlet "Omtale av ledernes ansettelsesvilkår i heleide statlige foretak". Det er ingen tvil om at det kostar å tilsetje leiarar, også i norsk teater. Kulturnett.no I fjor hadde budsjettet også ein rapport på besøksstatistikken til nettstaden kulturnett.no. Det vart meldt inn eit snitt-tal på 90 000 vitjingar pr månad, som tilsvarte omlag 3000 pr. dag i 2008. I årets budsjett finn vi ingenting om denne nettstaden. Relaterte linker: Veksten held fram Teaternett 21. oktober 2009 Satsing på barn og unge Teaternett 17. oktober 2009 440 millionar til Operaen Teaternett 9. oktober 2009 Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008 10,7 % auke - mest til opera Teaternett 7. oktober 2008 Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008 Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008 Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008 Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008 Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008 Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008 83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008 40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008 8,8 millioner kroner meir til region- og distriktsopera Kulturdepartementet 7. oktober 2008 10 millioner kroner mer til dans Kulturdepartementet 7. oktober 2008 NYHETER MELDINGER |