AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
8. mars 2012

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



VERTINNA frå helvete
Mike Leigh si svarte komedie frå 1977 har hatt kultstatus i 35 år, og er snart klar for Nationaltheatret. Franskmannen Arthur Nauzyciel har regi på Abigail's Party og debuterer dermed ved den norske hovedscenen. 19. april har den eksplosive Abigail festpremiere.


Teaterstykket Abigail's Party vart skrive i 1977 av Mike Leigh, som også iscenesette stykket for det vesle Hampstead Theatre i London med premiere i april 1977. I si tid var dette også ei eksperimentelt utvikla framsyning som vart til gjennom lange improvisasjonar der Mike Leigh utforska rollene saman med skodespelarane.

abigail01.jpg (1337464 bytes)

Foto: Sigurd Fandango, Nationaltheatret © 


Når tenåringen Abigail held sin første fest vert mora Susan tvinga over gata til paret Beverly og Laurence. Ei smigra Beverly går inn i rolla som den perfekte vertinna og pøser på med sprit, smiger og småsnakk. I selskapet er også dei nyrike naboane Angela og Tony. Promilla stig og samtalen tilspissar seg, skal vi tru Nationaltheatret sin presentasjon av stykket på sine heimesider. Og til slutt krev kampen om den gode smak eit offer.

Løyndomar
Skodespelarane fekk ofte ikkje vite på førehand kva som skulle skje i stykket. Og det er smak og ambisjonar til den veksande middelklassa i 1970-talets England som får gjennomgå i denne satiren, bygd på situasjonskomikk.

Etter 104 framsyningar vart det også gjort ein produksjon for BBC av framsyninga som vart kringkasta i november 2077. Denne produksjonen er idag også tilgjengeleg på DVD.

Mike_LeighWikiCommons.jpg (74468 bytes)

Foto: WikiCommons 


Mike Leigh (fødd 20. februar 1943) er britisk dramatikar og instruktør. Han har veksla mellom arbeid for teater, film og fjernsyn og fekk mellom anna prisen for beste regi ved filmfestivalen i Cannes for filmen Naked (1993).

Staben
Medverkande skodespelarar i Nationaltheatret sitt prosjekt er Ågot Sendstad, Christian Skolmen, Mads Ousdal, Tone Mostraum, Anne Krigsvoll. Scenografien er ved Riccardo Hernandez, kostymedesignet ved Ingrid Nylander og lysdesignet ved Scott Zielinski. Maskørar er Greta Bremseth og Hege Ramstad og dramaturg er Mari Vatne Kjeldstadli.


Relatert link:

Abigails party  Nationaltheatret.
Mike Leigh Teaterleksikon.


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no