AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side oppdatert
27. oktober 2012

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



TOPPEN er nådd

I kroner legg statsråd Tajik på veksten i scenekunstbudsjettet med rundt 8,5 millionar kroner, i høve til ifjor. Men av dei ialt 114,9 millionane i auke på budsjettet i år får Den Norske Opera og Ballett 48,5 millionar, nær på halvparten. Og av  dette igjen går 25 millionar ikkje til meir scenekunst, men til styrking av økonomien i selskapet. Det som er att rekk knapt til kompensasjon for lønsvekst og prisstigning. Norske teater må bu seg på å stramme inn livreima, nokre er alt i gang. Oppussinga av Nationaltheatret vert nølande starta opp. Og Oslo Nye står aleine. Trøndelag Teater får støtte til rehabilitering. I Molde kan Jeppe feire 40 år for Teatret Vårt. Med 9,5 prosent auke finn vi her ein diskret budsjettvinnar.

 


Arvtakaren etter Anniken Huitfeldt nådde altså ikkje fram til den magiske 2 milliardar-grensa for scenekunstfeltet i si budsjettpremiere.

Hadia_Tajik_Crp.jpg (43179 bytes)

Første budsjett frå statsråd Tajik.. Foto: WikiCommons.


Halvhjarta premiere: Scenekunstfeltbudsjettet frå ferske Hadia Tajik held såvidt oppe status quo, og gjev ingen rom for eksperiment og utprøving.

Ingenting til heimfylket
Tajik har knapt teater som sitt viktigaste satsingsområde, og har si fulle hyre med å gå på statsrådskule og vere flink jente. Og då er det heilskapen som tel: Det viktigaste ved budsjettet for den yngste på den raudgrøne skuta har vore å nærme seg den magiske einprosenten for Kulturbudsjettet totalt. Som einaste teater i landet står til dømes Rogaland Teater, i Tajiks heimfylke med forhistorisk scenetrekkteknologi. No må ein også leite med lys og lupe for å finne noko anna i dette budsjettet enn kompensasjon for høgare pensjonsutbetalingar, inflasjonsjustering og eit og anna strøtiltak av symbolpolitisk karakter, som litt distriktsopera her og der og det føreståande grunnlovsjubileet. Kulturballongen driv på autopilot, og lufta byrjar umerkeleg å sive ut.

Manglar rom for private
Heller ikkje vil opposisjonen finne rom for meir private insentiv i dette budsjettet, som til dømes at sponsorgåver utløyser statlege middel, som mellom anna Venstre har teke til orde for. Kulturlivet er i hovudsak stats- og sentralstyrt i Noreg, no som før. Giske festa i si tid det statlege grepet om kulturlivet, og dette står fastare enn nokon gong etter at finanskrisa tørka ut det meste av kultursponsinga. I dette perspektivet er også løyvingane til uavhengige grupper begredeleg lesnad. Her er alt ved det gamle, og det er ingen rom for eksperiment. Barn av friteaterskodespelarar, som barn av mange kunstnarar, vert faktisk født inn i ei fattigdomsfelle, uverdig for vårt moderne velferdssamfunn. Kva med ei romslegare borgar-/kunstnarlønordning, som i alle fall sikrar nokre utøvarar eit minimum av salt i grauten medan dei prøvar ut nye former?

Nølande oppgradering
Det kan vel heller ikkje kallast eksperiment at departementet litt nølande har teke tak i det kritiske forfallet i Nationaltheatret-bygningen.  Her skal det greiast ut, 1,5 millionar kroner går til konseptutvikling på nye tverrfaglege løysingar, av ein auke på 7 millionar kroner til teatret. Det blir vel nok til ei nøktern utgreiing får vi tru, sjølv med lovnad om etterfylgjande kvalitetssikring. Dei resterande 5,5 millionane utgjer ein reell auke på 3,3 prosent og er nok i knappaste laget for etterslep på løn, pensjon og prisstigning. Ialt har Nationalteatret snaue 174 millionar på lomma når 2013-repertoaret vert presentert av Hanne Tømta i dag.

Kva med Oslo Nye?
Oslo Nye Teater er såvidt nemnt i Kulturbudsjettet, i kraft av å ha vore hovudsamarbeidspartnar for Riksteatret i 2011. Kulturstatsråden bør ikkje vere passiv i den usikre situasjonen som har oppstått rundt Oslo Nye Teater. Alle vener av godt teater i Oslo må halde garden høgt dersom det skulle ende med at Oslo kommune sviktar oppgåva si med å gje byen eit eige profilert teater utanfor dei statsfinansierte institusjonane. For eit borgarleg bystyre bør det framstå som reinbarka idioti å de facto skulle leggje ned eit teater som faktisk er frikopla frå pengestraumane til den for tida raudgrøne statsmakta. I tillegg kjem det opplagt urimelege at byen som sit med alle dei store teatra i landet ikkje sjølv vil gje ei krone til å gje borgarane eit tilbod. Meiner dei borgarlege alvor med maktspreiing og mangfald er nedlegging av Oslo Nye så avgjort ikkje eit verkemiddel. Klar melding til Høgre, KrF og Venstre: Hald Carl I. Hagens lange fingrar og klør unna denne varme pulsåra i storbyen sitt hjarte.

Oppussing i Trøndelag
Kanskje det går an å kalle Trøndelag Teater og sjef Kristian Seltun for ein liten budsjettvinnar: auken på 3 millionar kroner opp til 64,6 millionar utgjer 4,9 prosent. 1 million av dette går til å dekkje finansieringskostnader knytt til rehabilitering av Gamle Scene. Kven veit, kanskje spelar den nærleiken til tidlegare kulturminister Trond Giske sine heimetrakter ei rolle her? No hadde Trøndelag Teater eit godt publikumsår i 2011, med nesten 110 000 besøk, mot snaut 87 000 i ein bylgjedal i 2010.

Fest for Jeppe
Regionteatret i Molde, Teatret Vårt, er ein diskret vinnar på 2013-budsjettet. På nordvestlandet har regionteatret klart å overleve i 40 år, og feirar med antihelten Jeppe på Berget av gamle gode Ludvig Holberg. Ein auke på 2,2 millionar her betyr faktisk ein vekst på 9,5 prosent, frå 23,1 mill for 2012, til 25,3 mill for 2013. Sjølv om mykje av dette går til auke husleiga i eit nytt bygg, er nok dette eit godt klapp på skuldra. I årsmeldinga for 2011 var teatret sjølv ikkje nøgd med dryge 37 000 publikumarar, og teatret freistar nytt konsept i år for å få fart før jul: Med Jeppe kombinert med julebord vonar teatret at publikum skal trivast, i alle fall som gjestar hjå baronen om ikkje i baronens seng. Då teatret starta opp i 1972 ville dette truleg vore nokså utenkjeleg, i eit fylke der polutsala var bortimot like sjeldsynte som oasane i Sahara.

95 prosent statsstøtte
Igjen stadfestar statsbudsjettet kor avhengig teaterlivet i Noreg er av statleg støtte. Det er tankevekkande på i alle fall to måtar. For det første: Ei privat insentiv-ordning for sponsorar bør truleg kome på toppen av den eksisterande støtteordningar, kanskje på liknande måte som i filmbransjen. Det vil løyse opp noko av det statlege trykket og gje eit lite handlingsrom for samspel med private aktørar og næringslivet. For det andre: Brukarar av norske teater har kvar dag alle tiders høve til å få att skattepengar med stor gevinst. Ein teaterbillett til eit av dei store norske teatra er i dag sponsa med omlag 95 prosent av skattepengar. Det betyr at for kvar gong du kjøper ein rimeleg billett til ei framsyning, til dømes for 300 kroner, forbrukar du 6000 skattekroner. Verdt å gjere seg bruk av - fritt fram!

Relaterte linker:
Mye for penga av Inger Merete Hobbelstad. dagbladet.no18. oktober 2012
Sju magre for tur? Teaternett 17. oktober 2011
Utflating for scenekunst Teaternett 5. oktober 2010
Veksten held fram Teaternett 21. oktober 2009
Satsing på barn og unge Teaternett 17. oktober 2009
440 millionar til Operaen Teaternett 9. oktober 2009
Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008
10,7 % auke - mest til opera Teaternett 7. oktober 2008
Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008
Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008
Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008
Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008
Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008
Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008
83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008
40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008



NYHETER  MELDINGER


Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no