AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
1. september 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Val 2013:
Blåblått eller BLÅGRØNT?

Teaternett har sett på teaterpolitikken til dei politiske partia, og freista å finne ut kven som kjem best ut. Er løpet kjørt for dei raudgrøne? Må teaterveljarane ta eit nytt val: Korleis vil dei at ei ny borgarleg regjering skal sjå ut?


Dagane som står att fram til stortingsvalet er som rimeleg kan vere prega av stadig meir intense debattar om kva slags parti og politikarar som har den beste politikken. Av og til kan det opplevast som komedie, andre gongar som tragisk. Mange vil seie at det heile er eit sirkus.

Det er langt frå lett for teaterfolk og teaterpublikum å finne ut av kva slags politisk retning som gjev mest og best teater, for oss som meiner at dette er eit viktig samfunnsområde. 5. september 2005 freista teaternett.no å sjå kva vi fann om teater i partiprogramma, den gongen. Åtte år seinare gjer vi ein ny freistnad, med partia sine nettsider som kjelder, og med eit sideblikk til den politikken partia elles framfører. Sjå vår raske gjennomgang, sjekk partiprogramma og døm sjølv.

Gøymt bort
Teaterpolitikken ligg som regel godt gøymt bort i den generelle kulturpolitikken, som heller ikkje står høgt på dagsordenen ved dette valet. Ja, eit inntrykk er at kultur har langt mindre plass i valkampen i år enn for åtte år sidan. Kva som blir gitt til kultur og teater er ikkje berre avhengig av regjeringskonstellasjonane, men også på styrketilhøvet innanfor de ulike regjeringsalternativa. Det er i alle fall fire regjeringsalternativ i år: Nye fire år med dei raudgrøne, ei regjering med KrF, Venstre og Høgre, ei rein Høgre-regjering eller ei regjering av Høgre og FrP.

Kultur- og teaterlivet er ein sektor som går på tvers av hovedskilja i norsk politikk. Og andre politikkområde som til dømes velferdspolitikk og næringspolitikk kan også bety mykje. Sjekk ut linkane, leit etter teaterpolitikken, finn den om du kan (!), og døm sjølv.

FRP: Har sete seg bakerst på skulebenken
I 2005 skreiv teaternett.no ganske krasst om FrP: "Kultur-institusjoner, kulturarbeidere og teatersektorene har trolig lite penger, mye uforstand og katastrofal politikk i vente om dette partiet kommer i framskutt posisjon". Vi søker på FrPs nettside på teater, under "Hva vi mener". Her finn vi artikkelen "FrP er glad i teater", "Handlingsprogram 2013", og "T". Vi klikkar på artikkelen "FrP er glad i teater", og vips er vi på Oslo FrP si adresse. Ikkje noko meir. Hm, velvel, vi går vidare til "Handlingsprogram 2013". Og litt nytt finn vi her i høve til 2005: I motsetnad til i 2005-programmet vert det offentlege gjeve eit visst ansvar for tilretteleggjing av kulturtilbodet. Og det blir også vist velvilje overfor dei gamle trauste kulturbygningane, som husar teaterlivet. Men krav til eigeninntekter, frivillig innsats og privat finansiering står også her sentralt, og det blir truleg vanskeleg å grunngje programmering som ikkje er rein underhaldning dersom kulturstatsråden ein dag kjem frå FrP. Det kan likevel i alle fall sjå ut som om FrP har sete seg ned bakerst på skulebenken i kulturpolitikken, og det kan nok kallast eit framsteg. Det er elles truleg ei viss von om at FrP ikkje blir det einaste partiet ved rattet i ei ny regjering. Men det kan bli stor skilnad på ei regjering med berre Høgre og FrP og andre konstellasjonar med større sentrumstyngde. Sjølv om KrF og Venstre vil halde seg for nasen med omsyn til regjeringssamarbeid med FrP kunne det vore interessant å sjå korleis det pragmatiske, markeringskåte høgrepopulistiske partiet vil handle, dersom det får ansvar, og ikkje berre kan streife på sidelina og markere på telefonstolpar. Vi åtvarar likevel teaterfolk mot å røyste på dette partiet, og trur nok eit blågrønt alternativ, med eller utan FrP, vil vere betydeleg betre for teaterlivet enn ei blåblå Høgre/FrP-regjering. Eit tips kan her vere å studere Oslopolitikken, der ulike borgarlege konstellasjonar har blitt prøvd ut i fleire år, også for teaterlivet. Den personlege medverknaden til Carl I. Hagen har også vore ein sterk faktor i FrPs framtoning. Lambda-Munch-saka viser også at utan Hagen kan fleire ting truleg kome annleis og kanhende betre ut.
Terningkast: Vi er rause, og gjev 2.

Høgre: Meir interesserte og prinsipielle
"Norge trenger nye ideer og bedre løsninger" er mottoet på heimesida til Høgre. Partiet ser ut til å bli sjølve giret i ei ny borgarleg regjering, uansett kven dei får med seg. Får vi ein ny teaterpolitikk og betre løysingar for teatret? Vi prøver først knappen "Hva mener Høyre om" og tastar teater. "Beklager, ingen treff" er svaret på den. Alfabetisk oversikt neste: "Kultur og kirke" klikker vi. Her finn vi litt: "Maktspredning" og "øke andelen privat kapital til kulturfeltet", "åpnere tilskuddsordninger", "nedenfra", "kreativitet", "lokale satsinger" er mellom stikkorda. Bortsett frå i eit interessant artikkelarkiv med saker frå ulike stader i landet finn vi ikkje sjølve  "teater-ordet".  I 2005 skreiv teaternett.no: "Vage ord og vendinger, en smule velvilje, men få konkrete løfter. Vi får en bestemt følelse av at Høyre ikke vil stå i bresjen for at staten tar ansvar for noen vekst i kultur- og teaterpolitikken. Pengene sitter ikke løst". Det kan vel verke som om tenkninga til Høgre er blitt noko meir prinsipiell, og at partiet er noko meir interessert. Og kanskje kan frie grupper og lokale krefter gjere seg nokre voner. Men det blir knapt strødd pengar utover nokon, dersom Høgre får det som dei vil.
Terningkast: 3

KrF: Glir såvidt over lista
Kultur og teater er nok ikkje eit hovudområde for KrF. Men vi klikkar på "Politikk" og ser kva vi finn. Vi finn "Kultur", og på den generelle sida er teater nemnd i varsame vendingar, noko underordna "kristne verdiar", "kor og korps", og "kulturminner". Dissonansen vi tykte vi kunne merke i 2005 mellom "kristelig" og "teater" sit framleis i, men vi opplever nok den reelle viljen til å finansiere eit godt offentleg tilbod som større hos KrF enn hos Høgre, både på det profesjonelle feltet og for amatørane, for ikkje å snakke om den viktige kulturskulen. Og KrF viser også vilje til breidde i kulturfeltet. Sett i høve til den merkbart meir positive innstillinga til internasjonal kontakt vi finn hos KrF, er nok karakteren 3 litt urettferdig i år. Så vi let KrF såvidt gli over karakteren 4, og held pusten medan lista gyngar illevarslande. KrF har framleis en jobb å gjere på teaterfronten. Og det blir spennande å sjå kva slags retning KrF tek etter valet, då dei kan kome til å få ei nøkkelrolle i eventuell ny regjering. I hestehandlar med FrP vil KrF trenge meir enn eitt Fadervår. Etter sesongar med gjennomførte store eksistensielle temaframsyningar på hovedscener som Det Norske Teatret (Bibelen), er dette kanskje eit felt KrF må ta noko meir på alvor.
Terningkast: 4

Arbeiderpartiet: Ingen eksperiment, men toppen er nådd?
Det er ganske lett å finne fram til "Kulturløftet" på heimesida. Signala her er ikkje spesielt spektakulære, det går i meir kino og teater til fleire, og styrking av det etablerte kulturlivet i bystroka. Vi smører vidare, breitt utover brødskiva. I 2005 lova partiet at 1 prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur innen 2014. Trass i finanskrisa har den norske oljepengesekken vore romsleg og god, og ulike kulturstatsrådar har slentra komfortabelt framover denne budsjettvegen. Statsbudsjetta har stort sett hatt vekst, og nærmar seg no den lova prosenten. Det siste budsjettet tyder likevel på at toppen er nådd. Går vi inn i innhaldet ser det ut som partiet ikkje er særleg opptatt av innovasjon og utprøving, og dei frittståande teatergruppene får lunken støtte. Nokre i opposisjonen og i fagfeltet har også peika på at støtta frå staten i aukande grad blir knytt opp mot kontroll og idelologiske målsetjingar på programmering og innhald. Men heilt klart: Ingen eksperiment. Grått og greit!
Terningkast: 4

Senterpartiet: Utviska profil, men støttar utkantteater?
Det første vi møter på Senterpartiet si heimeside er teksten "Vi sikrer deg ren, trygg og god mat fra matprodusenter i hele landet". Så spørs det om dette betyr at partiet også vil sikre oss "kulturell føde" og teater. Som med SV våga SP i 2005 å profilere seg høgt på kultur. I år er det heller ikkje for SP plass for slik luksus, enn seie teater. Vi tastar "Politikk", og "SP fra A til Å". Under Kultur finn vi svært generelle vendingar der teater knapt er nemnt. På ny eit uttrykk for intern arbeidsdeling mellom dei raudgrøne? På søkeordet "teater" finn vi lite eller ingenting. Sida framstår som snauare enn hos SV også når det gjeld Kulturløftet til dei raudgrøne. Når vi også legg til tendensar til internasjonal isolasjonisme i uttalelsar hos sentrale SP-folk blir det fristande å gå heilt ned til karakteren 3. Men vi let tvilen og den antatte viljen og teikna til å støtte kultur- og teaterlivet i distrikta kome SP til gode og set ein syltynn firar.
Terningkast: 4

Venstre: Frie grupper, nyskaping og internasjonalt blikk
Venstre kom godt ut i 2005-gjennomgangen vår. Ikkje så mykje å velje mellom på knapperekka på nettsida, det vart "Politikk". Det er heller ikkje hjå Venstre plass til Kultur mellom dei fire store: "Skole, Miljø, Velferd, Verdiskaping". For etiketten "Verdiskaping" omfattar nok næringslivet i Venstres program, rett nok med fokus på små og mellomstore bedrifter, der vi veit at vi også finn kultur- og teaterarbeidarar. Sjøl om små kunstnarbedrifter kan ha godt av forenkling og mindre skjemavelde, klikkar vi oss over til "Politikken A til Å". Og her, under "Kultur og informasjon" finn vi knappen "Teater". Klikkar vi her kjem vi til "Kunst og kunstnere", og vi siterer: "Venstre vil ha et bredt spekter av teaterinstitusjoner. Etablerte kunstneriske produksjonsmiljøer og institusjoner, både regionale og nasjonale, skal ha sikre og forutsigbare rammer samtidig som de frie kunstgruppene får en større andel av den offentlige støtten. Dette liknar ganske mykje på AP sitt program, skilnaden går først og fremst ut på at Venstre gjev eit klart signal om at dei frie gruppene skal få ein større andel av støtta. Det er eit viktig poeng, og profilerer Venste sin teaterpolitikk meir i retning av aktiv prioritering. Venstre tek også høgd for fleire internasjonale impulsar i sitt program: Partiet vil "Gi kulturarbeidere som har kunstneriske oppdrag lettere adgang til visum til Norge". Dette har i fleire år vore eit stort problem for folk som driv festivalar av ymse slag i landet. I same retning går også fylgjande programformulering: "Arbeide for at forfulgte akademikere, forskere, forfattere og kunstnere får opphold og formidlingsmuligheter i Norge". Partiet signaliserer også meir vilje til nyskaping: "Gi Dramatikkens hus tilfredsstillende økonomiske vilkår for å sikre nyskrevet norsk dramatikk." Programmet har framleis noko å hente på konkretisering, men retningen i dette er seriøs og lovande. Utfordringa blir nok å få med seg samarbeidspartnarar i og utanfor regjering på dette etter den 9. september. Men: Dei gamle er altså eldst, og snart 130 år gamle Venstre tronar aleine som vinnar denne gongen.
Terningkast: 5 - VINNAR AV GJENNOMGANGEN

MDG: Livskvalitet for publikum, midt på treet for utøvarane
Miljøpartiet De Grønne har fått stor merksemd i år, og gjer det godt på meiningsmålingane. Det kan også sjå ut som om mange kulturarbeidarar sluttar opp om partiet. Hovudårsaken til dette kan sjå ut til å vere miljøengasjementet hos kulturarbeidarane, som prioriterer eit parti som set nettopp miljøet først. Men korleis er De grønne sin kulturpolitikk, enn seie teaterpolitikk? På heimesida finn vi knappen "Politikk" og freistar å navigere oss i veg. Livskvalitet er eit av tre hovudområde, og det gir i og for seg meirsmak. Kultur og teater er sider av livet som handlar om tid og møte mellom menneske. Teater og kultur er ikkje nemnt her, men meir fritid og kortare arbeidstid kan i alle fall for publikum ha innverknad på bruk av teatertilboda. Det spørs vel likevel om partiet har råd til å gje kulturarbeidarar same vilkår, altså meir fritid og kortare arbeidstid. Søket på "teater" fører oss til artikkelen "Et mangfoldig kulturliv". Her liknar De Grønne sin politikk mykje på politikken til dei raudgrøne med Kulturløftet og litt på Venstre sin. Ein slags lettfordøyd midt på treet-versjon, som manglar eindel konkretisering, ikkje minst for teater og det profesjonelle miljøet. Vi saknar det internasjonale perspektivet, sjølv om nokre formuleringar om film peikar litt utover norskegrensa.
Terningkast: 4

SV: Stiller seg bak AP og kulturløftet, svakare eigenprofil

SV fekk godord av oss i 2005 for å ha hatt ei heimeside som også plasserte kultur tydeleg i bildet. I år er det visst ikkje rom for slikt. Kultur og teater er heller ikkje å finne mellom SV sine "Hovedsaker". Vi klikkar vidare på "Politikken", for å leite etter teater. SV har som kjent site i regjering, men partiet finn ikkje sjølv grunn til å skryte av noko på teaterområdet i pdf-fila "SV har levert". Greit nok, AP har halde eit fast grep på Kulturdepartementet, så dette er kanskje uttrykk for den interne arbeidsdelinga. Men under "SV fra A til Å" finn vi "Kultur, idrett og ideelle organisasjoner", og klikkar på underpunktet "Kultur".  Her stiller SV seg bak det raudgrønne "Kulturløftet", og har ikkje noko spesiell eigenmarkering i høve til dette. Vi finn ingenting om frie grupper, og heller ikkje om internasjonal orientering. Sett i høve til næringspolitikken til SV, som heller ikkje tek større tak i småverksemder, har SV ein lågare profil i høve til det som er kvardagen for scenekunstnarar i Noreg. Ingen løfte om lette i byråkrati eller skjema, eller særskilte satsingsområde.
Terningkast: 4

Relaterte linkar:

Valg 2005: Teater ikke tema i valgkampen teaternett.no. 5. september 2005
Toppen er nådd teaternett.no, 22. oktober 2012
Venstre
SV
Senterpartiet
Arbeiderpartiet
KrF
MDG
Høgre
FRP

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no