AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
21. oktober 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Norsk Kong LEAR-feber?
9. november er det premiere på Kong Lear ved Nationaltheatret i Norge. Og fredag 18. oktober var det også premiere på dette vidgjetne Shakespeare-stykket ved Stockholms Stadsteater, med norsk regissør. Soga om den aldrande kongen som gjev frå seg makta og deler opp riket sitt er eit av dei mest spelte og versjonerte stykka i verdsdramatikken. Forskarane reknar med at det er skrive 1605-1606.


Gjer eldrebylgja og den ressurssterke pensjonsgenerasjonen det snart 400 år gamle stykket ekstra aktuelt? Og kva slags plass og lagnad får ungdommen i vårt aldrande samfunn? Fredag 18. oktober hadde Stadsteatern i Stockholm  premiere på Shakespeares Kung Lear, regissert av norske Ole Anders Tandberg, med Sven Wollter i tittelrolla. Wollter tek avskil med teatret i denne framsyninga.

KongLear-Stadsteatern-001.jpg (509508 bytes)

Foto: Petra Hellberg, Kulturhuset Stadsteatern, Stockholm  © 


Shakespeare-ikon: Sven Wollter i tittelrolla og Liv Mjönes som yngstedottera Cordelia i Kung Lear, som hadde premiere på Stora Scenen ved Stockholms Stadsteater fredag 18 oktober. Framsyninga vert Sven Wollter sin avskil til teaterscenen. Han har elles medverka i eit stort tal filmproduksjonar, mellom anna Änglagård-filmane.

Varme ullstrømper
Og den svenske framsyninga får god mottaking i Expressen der Svante Weyler skriv dette:

Kung Lear är också en pjäs som skriven för Sven Wollter när han, som Stadsteatern säger i sina annonser, nu tar avsked till teatern. Det är i så fall ett storslaget avsked. I dryga tre timmar dominerar han scenen i nattdräkt och värmande ullstrumpor. Han är lika gripande i sin häpnad över de äldsta döttrarna Gonerils och Regans svek, som i sin ånger för att inte ha förstått att den enda som älskade honom på riktigt var den yngsta dottern Cordelia som han förskjutit för att hon vägrade att ljuga honom full med tomma ord.


Tidlause fjellheier og middelalderske slottssalar er blitt til eit samtidig omsorgshelvete, skriv den svenske kritikaren. Intrigen er ifylgje Weyler som henta ut av eit Grimm-eventyr. Han viser også til Ingmar Bergman som meinte at den språklege og dramatiske vitaliteten til skodespelet får absurdistar av nyare og eldre dato til å bleikne til blodfattige etterplaprarar, eller med Bergman sine eigne ord: "Blodlösa eftersägare".

Kurosawa
Ein som neppe kan seiast å vere etterplaprar er den legendariske japanske filmskaparen Akira Kurosawa, som bygde på Kong Lear då han skapte filmen Ran i 1985. Det japanske ordet "Ran" tyder noko slikt som opprør,

Akira_Kurosawa_directingWikiCommons.jpg (72329 bytes)

Foto: WikiCommons 


Filmlegende: Akira Kurosawa (23 mars 1910 – 6. September 1998). Biletet stammar frå omlag 1950.


forvirring eller kaos. Filmen vart ein klassikar så og seie med ein gong etter lanseringa. Kurosawa gjorde ein enorm førebuande innsats over fleire år med design av scenografi og kostymer, såvel til hovudroller som til statistar. Og dette var vel og merke før den digitale tidsalderen og datagrafikken gjorde sitt inntog i filmproduksjonen.

Nationaltheatret sin Stein Winge-versjon av Kong Lear er bortimot utseld, tre veker før premiera 9. november. Winge har sett opp Kong Lear tre gongar tidlegare, også på Nationaltheatret i 1989, med Espen Skjønberg i tittelrolla.

Relaterte linkar:

Kung Sven regerar Av Svante Weyler. expressen.se 21. oktober 2013.
Kulturhuset Stadsteatern, Stockholm
Kong Lear - Nationaltheatret

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no