AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side oppdatert
11. november 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



PUSLETE frå Widvey

10 489 millionar til kultur, 1969 millionar til teater, var dei siste rammetala frå avgåtte kulturstatsråd Tajik. No har Høgre-statsråd Widwey byrja å pirke litt i prioriteringane til dei raudgrøne på kulturfeltet. Trass anslag til store ord om større fridom held dei norske frigruppene fram vandinga i skuggelandet, som Evrydike i Hades. Litt symbolsk påklatting er igang for Black Box, BIT og Teater Avantgarden, og ei ny gåveforsterkningsordning vert skissa opp for å hente inn meir private midlar i kulturfeltet.



- Vi ynsker å legge til rette for fleire visningar av scenekunst laga av frie grupper, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei av pressemeldingane på departementets heimesider.

I pressemeldinga heiter det at  Black Box Teater, B.I.T. Teatergarasjen og Teaterhuset Avant Garden vert styrka i det nye budsjettframlegget. Regjeringen vil også styrke Dramatikkens hus. I tal er det snakk om svært små summar:  Auken i tilskota til desse institusjonane er på til saman 2 millionar kroner. Ein halv million kroner som påslag til Nordic Black Theatre er også lagt inn i framlegget. I pressemeldinga vert det også sagt at basisfinansieringa for dei frie scenekunstgrupper skal gjevast prioritet.

Spreie makta
Gjennom ei såkalla gåveforsterkningsordning signaliserer kulturstatsråden at det er eit ynskje å gjere det norske kulturlivet meir fritt og uavhengig.
- Vi styrker denne fridomen dersom vi spreier makta og skaper fleire finansieringskjelder, seier Widvey i pressemeldinga frå departementet.

Det framstår som uklart i kva grad dette er ei ordning som vil kome teaterlivet til gode.

Spenninga er no knytt til kva slags mottaking dette budsjettframlegget får i kulturlivet, og ikkje minst på Stortinget. Og så vil det truleg først bli klart neste år kva slags retning den nye regjeringa gjev kulturfeltet.

Relaterte linker:
Pressemeldinger Av Kulturdepartementet. regjeringen.no 8. november 2013
Siste flørt frå Tajik Teaternett 18. oktober 2013
- Eksoljeminister overtar Kulturdepartementet av Laila Ø. Bakken. nrk.no 14. oktober 2013
Prop. 1 S (2013–2014) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak) FOR BUDSJETTÅRET 2014 Utgiftskapitler: 300–339 Av Kulturdepartementet. regjeringen.no 27. september 2013
Toppen er nådd Teaternett 27. oktober 2012
Mye for penga av Inger Merete Hobbelstad. dagbladet.no18. oktober 2012
Sju magre for tur? Teaternett 17. oktober 2011
Utflating for scenekunst Teaternett 5. oktober 2010
Veksten held fram Teaternett 21. oktober 2009
Satsing på barn og unge Teaternett 17. oktober 2009
440 millionar til Operaen Teaternett 9. oktober 2009
Krisetiltak i Operaen Teaternett 8. oktober 2008
10,7 % auke - mest til opera Teaternett 7. oktober 2008
Ansettelsesstopp i Operaen Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 8. oktober 2008
Kulturbudsjettet øker med ti prosent Av John Harbo og Ann Christiansen. Aftenposten 7. oktober 2008
Festspillene får mer Av Heidi Torkildson Ryste. Bergens Tidende 7. oktober 2008
Musikk-teatret inn i TSO Av Kjersti Nipen og Kai Kristiansen. Adressa 7. oktober 2008
Disse kaster Giske penger etter Av Marie L. Kleve. Dagbladet 7. oktober 2008
Dansen rundt Gull-Giske Av Jonas Brække. Dagsavisen 7. oktober 2008
83 millioner mer til teater Kulturdepartementet 7. oktober 2008
40 millioner kroner i økning til Den Norske Opera & Ballett Kulturdepartementet 7. oktober 2008



NYHETER  MELDINGER


Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no