AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
9. oktober 2015

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Vanskeleg TRYGGLEIK
Laurdag 10. oktober: Premiere på Helikopter på Nationaltheatret, Amfiscenen. Stykket som flår oss levande, skal vi tru førehandsomtalen frå teatret. Og satiren siktar rett inn i den norske tryggleiken: Familien som har sikra seg og barna, mot absolutt alt.



Og sjølvsagt var det godt meint. Foreldra har gjort alt rett, og sirklar over barna tjuefiresju. Men lunene til lagnaden kan ingen rå over eller skjerme seg mot. Ein dag skjer noko ingen av dei såg kunne kome.

Helikopter_Nat_H15-OE.jpg (8482785 bytes)

Foto: Nationaltheatret, Øyvind Eide. ©


Svart komedie, i kvitt: Ine Jansen, Jonas Strand Gravli og Trond Espen Seim. Nationaltheatret har henta australsk samtidssatire om den perfekte familie og sett inn i norsk samanheng. Bilen skulle vere den sikraste, barnevogna hadde den tryggaste voksiposen, barnesikkert bassengovertrekk og allergivenleg sofa. Sikra mot alt - bortsett frå det som kom.

Vi er i eit villastrok i Oslo. Ho (Ine Jansen) og Han (Trond Espen Seim) bur i eit dyrt, miljøvenleg hus. Dei et økologisk. Det første barnet deira vart fødd prematurt og alle verneinstinkta er i sving. Kontrasten er nær: I nabohuset bur ugandarar som har flykta frå den grusomme krigen. Livet til familien blir konfrontert med naboane.

«Helikopterforeldre» altså — mødre og fedre som etterkvart får barn som fungerer dårleg, etter å ha blitt passa på for mykje. Sonen er sosialt utilpass etter å ha fått det psykologane kallar "lært hjelpeløyse". Og brått skjer det fatale handlingar, med store konsekvensar.

Frå Australia
Dramatikar, teaterinstruktør og «Mammon»-regissør Cecilie Mosli har omsett det  australske samtidsstykket Helikopter av Angela Betzien. I strevet for tryggleik kan katastrofa kome når vi minst ventar det.

På scenen møter vi Ine Jansen, Trond Espen Seim, Jonas Strand Gravli
og Kingsford Siayor. Regien er ved Cecilie Mosli, med seg har ho Milja Salovaara (scenografi og kostymer), Martin Myrvold, (lysdesignar), Eva Sharp (maskør) og Kristian Lykkeslet Strømskag (dramaturg). Stykket varer omlag ein time og førti minutt.

Relatert link:

Helikopter Nationaltheatret.

NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no