AKTUELT / Artikler
(annonse)

Denne side publisert
26. mars 2007

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler
Arkiv
SØK



Norsk Amatørteaterfestival
opnar NYE ROM


Av Mara Acantalicio

Mange kvinner har teke denne reisa. Kvinner som grunna kjærleik har bestemt seg for å flytte til Noreg. Dronning Maud er ein av dei mest kjente, sidan den gongen har drøssevis av kvinner følgt i hennar fotspor. 21. juni blir det urpremiere på Til Noreg der kjærleik ventar under Norsk Amatørteaterfestival.

Historiene til kvinnene som no bur i Noreg på grunn av ein nordmann er vakre og bør forteljast. Tematikken om integrering har vekka skapartrongen i oss. At mange nordmenn vel ei utanlandsk kone er forståelig. Ei kvinne frå eit anna land er annleis. Ho kan vere eksotisk, varm, mørk, mjuk, elskverdig og trufast. Men kva er eigentleg grunnen til at kvinner frå andre land vel ein nordmann?

Seks spennande historier
- Eg budde i Kviterussland med brørne mine. Der såg eg mannen min for første gong. Ay! Eg var heilt oppslukt. Han er blond, har blå auge, og eg er sååå forelska! fortel Aina frå Kongo. Dei har ei dotter. Ho kom til Noreg for under eitt år sidan og jobbar som modell.

- Min mann er frå vestlandet. Han ville gifte seg med ei dame frå India. Han kjente ein ven av meg som viste han bilete av fire indiske kvinner. Han valde eitt – mitt, seier Kavitha (38), som jobbar i barnehage og har to barn.

- Eg studerte teatervitskap ved Universitetet i Oslo då eg blei sambuar med min mann. Vi har budd både i Tyrkia og Noreg dei 20 åra vi har vore saman. Vi har ei dotter på to år. Eg føler at dette prosjektet kan bidra med nye refleksjonar om mitt forhold til det norske samfunnet og kulturen, seier Dilek (44) frå Istanbul.

- Det var full krise i den argentinske økonomien og i det sosiale systemet der. Eg er skodespelar og hadde inga framtid i Buenos Aires. Søstera mi budde i Oslo, og det var ei god anledning til å møte dei og samtidig jobbe som au-pair eit år. Men så trefte eg ein norsk mann. Vi blei veldig forelska og gifta oss, fortel Veronica (30).

- Eg var gift og hadde tre barn før eg møtte min norske mann. Han forsto meg, støtta meg og let meg vere meg sjølv. Dessverre gjekk det ikkje så bra med ekteskapet, men eg har bevart mange kjærleiksminne, fortel Elvira som i framtida vil jobbe som reiseleiar for nordmenn i Armenia.

- Sonen min er 18 år. Eg oppdrog han åleine. Familien min ville ikkje ha noko med meg å gjere fordi eg fekk han utanfor ekteskap. Eg har vore einslig lenge og har konsentrert meg om skodespelarkarrieren min. Ein dag la ei veninne profilen min på internett. Ein mann besøkte meg fleire gonger. Trass i hjarteoperasjon og arr frå keisarsnitt og blindtarmoperasjon, elskar han meg og tok meg med hit, seier Dulce frå Filipinane som har budd i Noreg sidan juli 2006.

Community theatre
Desse seks kvinnene er med i prosjektet ”Til Noreg der kjærleik ventar”, som er eit  kunstnarleg samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Nordic Black Theatre og Det Norske Teatret. Vi arbeider med community theatre som metode. På øvingane skal kvinnene bidra med opplevingar rundt det å vere innvandrar og gift med ein nordmann. Kvinnene sine historier vert sydd saman til eit manus av dramatikar Ingeborg Eliassen.

Noregs Ungdomslag vil bygge opp kompetanse i denne forma for teaterarbeid og tilby dette til lokallaga i organisasjonen. Stykket skal også innleie eit seminar om integrering, mangfald og ”community theatre” som metode for auka samfunnsengasjement.

- Sårbart og inderleg vakkert
Cliff Moustache, kunstnarleg leiar i Nordic Black Theatre, har regien. Han er ein autoritet i kulturelt mangfaldsarbeid og har lenge fremma innvandrarar som ressurspersonar. Cliff seier at kjærleik, som er essensen i stykket, gjev situasjonar som vil hjelpe oss til å forstå det skjøre, det sårbare og det inderlig vakre i relasjonar mellom menneske frå to forskjellige kulturar. Elisabeth Mona er regiassistent. Ho har bakgrunn som amatørskodespelar og teaterinstruktør for Te-Nord, ein av dei mange teatergruppene i Noreg Ungdomslag.

Den siste personen i produksjonen er ein mannlig skodespelar frå Det Norske Teatret. Mannen speler rolla som kjæraste, ektemann, sambuar - kjærleiken til desse kvinnene. Han skal vi presentere ein annan gong. Ei forteljing skal ikkje forteljast i sin heilskap. Noko må vi halde igjen.

ARTIKLER 

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no


Ansvarlig redaktør av Teaternett er Stein Kippersund, Torstadvegen 46, 2335 Stange
Teaternett har org.nr. 980 247 781. E-post-adresse er teaternett@teaternett.no