AKTUELT / Ferie og fritid
(annonse)

Denne side publisert
7. oktober 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Eksotisk vin i TOSCANA

- Heile Nord-Italia er framleis svært hardt råka av finanskrisa, seier Carla Benini, som saman med mannen sin, Edoardo Ventimiglia, driv den vesle vingarden Sassotondo, nokre kilometer utanfor Pitigliano i Toscana, Italia. – Vi høyrer dagleg om sentrale og viktige verksemder som går overende. Det er skremmande at det kunne gå så gale.

Også for Sassotondo-garden har omsetnaden stilna litt. Men når vi møter Carla og Edoardo denne augustkvelden, ser dei likevel optimistisk på framtida. Så er då også bakgrunnen for vindyrkinga til ekteparet unik. Begge valde i godt vaksen alder å gå mot straumen. Edoardo arbeidde som dokumentarfilmprodusent i eit lite, gamalt familiestudio i Roma. Stolte tradisjonar, bestefar hans var kameramann for ingen ringare enn Alfred Hitchcock.

Over Rubicon
- Nei, nei, eg er heilt ferdig med film, ler han med eit varmt blikk til kona, - no er det berre Carla og vinen som gjeld.

Han og kona har begge kryssa brua, ”over Rubicon”. Ho har rett nok jordbruksutdanning, men hadde kontorjobb i Roma knytt til fly- og hotellverksemd. Heile tida bar ho med seg draumen om eigen vingard med dyrking av økologisk kvalitetsvin
.

Les hele artikkelen:

Eksotisk vinproduksjon i Toscana.
Av Stein Willumsen Kippersund, Mørenytt 15. september 2009 (s16-17).

Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Teater henger sammen med samfunnet, og i et videre perspektiv vil vi også være et forum for dagligliv, ferie og fritid. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no