AKTUELT / Ferie og fritid
(annonse)

Denne side sist oppdatert 22. desember, første gong publisert
24. november 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Til himmels med BITCOINS?

"Vires in numeris" er den latinske setninga som pryder den store mynten i bildet på artikkelen i The Guardian 1. november i år. Det tyder vel noko slikt som "Styrken i tala". Amerikanske Austin Craig og Beccy Bingham poserer ved modellen av den digitale valutaen, "bitcoin", etter at dei har vore på ei nokså spesiell bryllupsreise. Paret frå Provo i Utah, USA, ville freiste om det var mogleg å reise jorda rundt og klare seg berre med den digitale valutaen. Eventyret starta i juli: Då var 1 Bitcoin (BTC) verd omlag 80 US-dollar. I oktober, 100 dagar seinare, var det moderne Phileas Fogg-eksperimentet gjennomført. Då var ein BTC verd rundt 150 US-dollar. Verdien rundt 1. desember: Rundt 1000 US-dollar, eller 6500 kroner. - Det fell utanfor finansreguleringane, seier det norske Finanstilsynet. Den kinesiske sentralbanken held eit vaktsamt auge på bitcoins og åtvarar brukarene: Valutaen har inga verkeleg meining og manglar vern i lovverket. SISTE: Bitcoin-kursen vart redusert nesten til det halve etter dei sterke signala frå den kinesiske sentralbanken. Verdien svingar no voldsomt: I dag ligg verdien på mellom 500 og 700 USD. Akkurat no er den virtuelle valutaen inne i ei boble, men ligg likevel skyhøgt over alle nivå tidlegare i år. Vil bitcoinen nokon gong stabilisere seg? Når, og på kva slags nivå?


Og i Wales står det ein kar som heiter James Howells og klør seg i hovudet. I sommar rydda han opp på den gamle pc-en sin, mellom anna fann han ein harddisk som han kasta i søppelbøtta. Harddisken gjekk den tunge gang til

Tapezieren_mit_Geldscheinen-WikiCommons.jpg (52176 bytes)

Illustrasjon: Wikicommons 


Hyperinflasjon: Tapetsering med 1-marksetlar i Tyskland 1923. Inflasjonen gjekk så langt at det var billegare å bruke 1-marksetlar enn tapet til å kle veggane med. Dersom bitcoins smuldrar opp vil du ikkje eingong kunne bruke den digitale valutaen til dette. Wikipedia.


fyllinga i Docksway ved Newport. Sist fredag fann Howells ut at det faktisk låg 7500 bitcoins på harddisken. Verdi i dag: Omlag 4 millionar pund. Ingen veg utanom, på med Indiana Jones-hatt og byrje å grave? Briten veit ikkje heilt om han skal le eller gråte. Kva er det som skjer - er vi vitne til ein ny fase i den digitale revolusjonen, no i finanssystemet? Eller er det berre på gang ei ny spekulasjonsboble, som snart skal sprekke og bli borte? Skeptikarane er mange, men valutaen har sitt publikum, held stand og veks.

Noreg har ikkje kontroll
I Noreg stadfestar Finanstilsynet at dei ikkje har kontroll med bitcoins.
- Dei fell på det noverande tidspunkt ikkje innanfor det gjeldande norske finansregulatoriske regelverket, seier kommunikasjonsrådgivar Jo Singstad til Nettavisen. Han understrekar at kvitvasking av pengar er straffbart, uansett.

I april i år fekk dåverande finansminister Sigbjørn Johnsen spørsmål om bitcoins frå stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen. Etter ei lengre utgreiing konkluderer Johnsen med at det er vanskeleg å gjere noko som helst med dette systemet:
- Ei utfordring er at systemet er desentralisert, skriv Johnsen i svaret sitt til Solvik-Olsen.

Saka har vakse såpass at mandag 18. november hadde det amerikanske Senatet ei høyring om bitcoin-fenomenet, melder The Guardian. Sjølv etter den store finanskrisa i 2008 er den amerikanske økonomien den største i verda. Så dei økonomiske vala som amerikanarane gjer påverkar heile kloden.

Høyringa hadde tittelen: Bortanfor Silk Road: Moglege risikoar, trugsmål og utsiktar ved virtuelle valutaer. ("Beyond Silk Road: Potential Risks, Threats and Promises of Virtual Currencies"). Silk Road var ein nettstad for omsetjing av narkotika gjennom bruk av nettopp bitcoins (BTC). Den digitale valutaen gjorde det mogleg å gjennomføre handlar og lysskye transaksjonar anonymt. Dei amerikanske styresmaktene slo til mot driftarane av Silk Road, som no er fengsla, mellom anna tiltala for drapstrugsmål. Kriminalitet er ikkje nytt i denne verda. Men det oppsiktsvekkjande var at bitcoins ikkje fall i kurs slik mange spådde, etter at Silk Road vart stengd. Den siste tida har den digitale valutaen stige voldsomt i kurs.

Før høyringa uttalte assisterande generaladvokat i det amerikanske Justisdepartementet Mythili Raman at virtuelle valutaer tilbyr legitime finanstenester og har potensiale til å utvikle ein meir effektiv global handel. I skuggen av ein bitcoin-kurs i nærmast loddrett vekst oppover påpeika ho samstundes at nokre sider ved dei virtuelle valutaene har appell til kriminelle og er eit vertskap for nye utfordringer til lovverket.


Ny teknologisk revolusjon?
Det amerikanarane må ta på alvor, skal vi tru The Guardian, er at USA står i fare for å miste forspranget i det som kan bli den neste store teknologiske revolusjonen. Dersom då ikkje landet finn ein høveleg og smidig måte å regulere bitcoin på. Sjølv om bitcoin allereie er eit internasjonalt fenomen så er det USA som har stått i sentrum av utviklinga for denne digitale valutaen så langt. Den mest framståande bitcoin-utviklaren Gavin Andresen er amerikanar, og namn vert strødd ut som Silicon Valley, Facebook, Twitter, PayPal, Coinbase, Bitpay og investor Peter Thiel.

No held tyngdepunktet i bitcoin-omsetnaden på å flytte seg til Kina. BTC China har nettopp blitt den største bitcoin-meklaren i verda og står for 35 prosent av all handel med bitcoins. Hovudkvarteret til Bitcoinstiftinga (Bitcoin Foundation) vurderer å flytte ut av USA, og bitcoin-gründarar byrjar å unngå USA. Skal vi tru Guardian har den kinesiske sentralbanken no løfta blikket, og åtvarar mot bitcoins. Men foreløpig er det ingen teikn til at Kina vil lage eit forbod mot valutaen. Mange nyrike kinesarar byttar inn sine yuan med bitcoins, for så å veksle dei vidare i dollar, utanfor styresmaktene sin kontroll. Det at det er så enkelt å flytte valuta over landegrensene er eit av fortrinna som bitcoins har.


Minibank i Canada, og i Sverige?
Eit praktisk døme er at den første og så langt einaste minibanken for kontant kjøp og sal av bitcoins er i Vancouver i Canada. Den lokale forhandlaren som driftar minibanken seier til The Guardian at han vil opne fire nye automatar over heile Canada i desember. Det blir hevda at Canada er ein ideell stad å lansere kiosken, på grunn av den stor mengda brukarar og eit mindre strengt kontrollregime enn i USA.

Jordan Kelley er sjef for firmaet som konstruerte minibanken, Robocoin i Las Vegas. Han er rimeleg optimistisk, skal vi tru The Guardian: - Vi trur at Vancouvermarknaden er enorm, og vi er glade for å vere her. Ved utgangen av 2013 kjem vi til å vere over heile Canada. Mot slutten av 2014 vil vi vere over heile verda, inkludert USA, seier han til den britiske avisa.

Nabolandet vårt i aust kan også kome på bitcoin-kartet, skal vi tru Dagens Nyheter.
- Kul greie, men eg tenker også at no er det nokså vanskeleg å få tak i bitcoins. Då kan nettopp ein bitcoinsautomat vere noko som hjelper til med det, slik at ein lett kan kjøpe bitcoins med hjelp av kontantar, seier den svenske initiativtakaren Ludvig Öberg till Sveriges radio. Han har vore interessert i bitcoins sidan han var 17 år, og vil no kjøpe ein bitcoinsautomat som han ynskjer å plassere i Stockholm.

Nokre seier at bitcoin er på det stadiet der epost var i 1992. Og sidan den tid har både epost og internett utvikla seg litt.


Nordmann fekk fem millionar

I Noreg er Bitcoins Norge As ein av aktørane for bitcoins-omsetjing. Og Noreg hamna brått i sentrum av bitcoin-soga: Ein norsk datastudent hadde tidleg i utviklinga kjøpt bitcoins for nokre hundrelappar i fagleg interesse. Han gløymte av heile greia, og oppdaga nyleg at bitcoins-beløpet hans var verd fem millionar norske kroner. Denne soga går no jorda rundt. Ein amerikanar hadde mindre hell: I 2009 betalte han to pizzaer med 10 000 bitcoins. Idag ville dei digitale myntane hatt ein verdi på nærmare 40 millionar kroner.


Frå byttehandel til pengeøkonomi
Og kva i all verda er så eigentleg dette fenomenet "bitcoin"? For dei fleste er det nok all mogleg grunn til å klø seg i hovudet. Men det er då sanneleg også grunn til å undre seg litt over pengar og finanssystem generelt. Bitcoin er strengt tatt ikkje så veldig forskjellig frå det som grekarane fann opp i Middelhavet, rundt 600-700 før Kristus, nemleg myntar og pengar.

Kva gjorde så grekarane? Utgangspunktet for handelen var byttehandel, der

MynterLydia-WikiCommons.jpg (40671 bytes)

Illustrasjon: Wikicommons 


Mynt av elektrum (legering av gull og sølv) frå Lydia, 640 f.Kr. Primitive metallbitar hadde vore nytta som byttemiddel også før dette, men dette er dei første myntane vi kjenner til som vart garantert for av ein utstedar. Dei første papirsetlane kom i Kina rundt midten av 1300-talet under Ming-dynastiet. Idag er Kina mellom dei fremste i bruken av bitcoins. Wikipedia.


eigarar av ulike varer bytter med kvarandre. Til dømes to tønner korn mot ei tønne vin. Eller ein fin kjole mot ein plog. Når handelen blir meir omfattande blir det behov for forenkling. Det er ikkje sikkert at vinseljaren treng akkurat to tønner korn. Han treng kanskje eigentlig møblar, og møbelseljaren bur ein heilt annan stad enn kornselgaren. Sidan det er tungvint å bytte vin mot korn, for så å frakte kornet ein annan stad for å kjøpe møblar, blir ein samde om å lage noko som kan representere verdiane, og som er lett å flytte på. Og her er det pengane kjem inn. Heilt avgjerande for at dette skal fungere er at dei som handlar med kvarandre er samde om verdien på byttemiddelet, og har tillit til kvarandre. Men når det er på plass er det ingen grenser for korleis dette kan utvikle seg.

I første omgang hadde myntane gjerne ein viss eigenverdi, i form av gull, sølv eller kopar. Etterkvart vart verdien på myntane og seinare setlane garantert av styresmaktene. Pengar utan eigenverdi vert kalla fiat-valuta. Korleis er det så i dag? Jau, som vi alle veit så drar vi eit kort, og dermed brukar vi av ein "konto". Går du inn på Wikipedia i dag finn du følgjande forklaring knytt til omgrepet "pengar": "Pengane i verda består først og fremst av bokførte tal som vert flytta mellom finansielle datamaskiner." Som så mykje i vår tid er pengar blitt noko som vi møter og handsamar inne i datamaskiner, lesebrett og mobiltelefonar. Og alle som er vande med ulike spel på internett eller datamaskiner vil kjenne att systemet med ein eller annan form for "verdieining" eller "liksompengar", enten det er, strategispel, World of Warcraft, Minecraft eller Runescape. Eller som i brettspelet Monopol, for den saks skuld.


Valuta utan statleg garanti
Bitcoin er slik sett eigentleg det same: Det er eit tall i ei datamaskin, eller rettare i eit enormt nettverk av datamaskiner (internett faktisk!) som representerer ein verdi, eller ei kjøpekraft. Men det er viktige skilnader mellom bitcoin og andre valutaer idag. Mellom anna står det ingen stat eller sentralbank bak valutaen. Den fins i utgangspunktet berre på internett og er ikkje bunden av nasjonale grenser. Nokre har kalla bitcoins for valutaene sitt svar på esperanto.

Kvar brukar har ei varierande, opparbeidd mengde bitcoins, eller "tal" på ein konto. Konto- og overføringssystemet byggjer på ei programvare som er fritt tilgjengeleg for alle, og som knyter brukarane saman i eit nettverk. I dette nettverket kan bitcoins overførast direkte mellom brukarane. Dette skjer basert i såkalla peer to peer-nettverk eller "brygge til brygge-nettverk" på godt norsk. Brygga kan vere ei datamaskin, eit lesebrett eller ein smarttelefon, eller ein profil i "internettskya". Overføringa kan gjerast utan mellomledd i form av bankar eller andre avgrensingar. Eit døme: Dersom du vil betale ein øl i ein pub som aksepterer bitcoin scannar du berre smarttelefonen din gjennom ein QR-kode til lesaren i kassa, og vips så har ei viss mengde bitcoins bytta eigar.

Korleis blir bitcoins laga? Det er eit viktig punkt. Skal ei pengemengde ikkje falle i verdi, må den ikkje produserast ukontrollert. Det klassiske dømet på kor gale dette kan gå er Tyskland i mellomkrigstida, der styresmaktene trykte pengar utan grenser. Det enda med at ein måtte bruke trillebår for å få med seg pengane til å kjøpe melk og brød i butikken, fordi pengane fall dramatisk i verdi.


Gruvedrift med datakraft
Bitcoins er desentralisert, det fins ingen sentral styring av pengemengda. Og her kjem vi til den verkeleg supernerdete delen. Den eller dei som etablerte bitcoins-programvara har laga eit krypteringssystem som gjer at det berre kan bli ei viss mengde Bitcoins totalt i systemet, 21 millionar for å vere heilt nøyaktig. Idag sirkulerer det omlag 11 millionar bitcoins i systemet.

Pengane blir laga gjennom såkalla gruvedrift ("mining"), der matematiske koder må knekkast for kvar bitcoin. For å løyse koden må det nyttast stor datakraft, som systematisk og veldig raskt går gjennom alle tenkelege løysingar for å finne den matematiske koden. Dette er slik innretta at koden blir vanskelegare og vanskelegare for kvar bitcoins som vert laga, og meir og meir datakraft og datatid må nyttast for å lage bitcoin. På denne måten misser ikkje valutaen verdi, snarare det motsette. Alle transaksjonane vert lagra og godkjende i nettverket, slik at berre eigaren av bitcoin-en kan bruke den, og at ingen kan bruke same mengda bitcoins fleire gonger.

Dess fleire som aksepterer og bruker valutaen dess høgare blir verdien. Dette er det teke høgde for i programvara, slik at ein Bitcoin kan ha heile åtte desimalar, ikkje berre to som til dømes den norske krona. Bitcoin har også "øre": 1 bitcoin består av 100 000 000 "satoshi" Namnet viser til pseudonymet Satoshi Nakamoto, den myteomspunne grunnleggjaren av bitcoin. Vi veit ikkje om det står ein mann, ei kvinne eller ei gruppe bak pseudonymet.


Verdiauken hemmar bruken

For tida aukar verdien på Bitcoin så mykje på kort tid at det avgrensar bruksverdien. Paradoksalt nok er det brukarstadene, dei som aksepterer Bitcoin som betalingsmiddel, som vil tene på verdiauken: Dersom nokon betalar ølen i ein bar med bitcoin vil baren ha aukande forteneste på sal av denne ølen, fordi bitcoin stig i verdi. Motsett vil kunden vegre seg mot å bruke bitcoins i dag når ho veit at vil kunne få meir for den i morgon. Altså det motsette problemet som var i Tyskland i mellomkrigstida, ikkje inflasjon, men ein deflasjon, som altså delvis er bygd inn i designet for valutaen.


Til verdsrommet med bitcoins
Mellom dei siste som har flagga sin fascinasjon og si interesse for bitcoins er den engelske forretningsmagnaten Richard Branson, som leier et internasjonalt forretningsimperium på over 400 ulike selskap. Mellom selskapa er det såkalla Virgin Galactic.

No kan romfartsentusiastar kjøpe billett til romferder med Virgin Galactic, og betale med bitcoins. Det var nettopp det ein kvinneleg framtidig romfarar frå Hawaii gjorde fredag 22. november, ifylgje Branson i ein bloggpost for selskapet sitt, skal vi tru The Guardian.

- Alle våre framtidige astronautar er pionerar på sitt vis, og dette er endå ein ny måte å tenkje framover på, skreiv Branson i bloggen sin.

Skal du ta deg ein tur med Virgin Galactic kostar billetten 250 000 amerikanske dollar, og den siste veka har bitcoin passert ein pris på 700 USD pr stykke, ja kursen har vore heilt oppe på 900 USD. Romfartsbilletten vert ifylgje Branson umiddelbart konvertert til dollar, i tilfelle astronauten skulle ombestemme seg, og vil ha pengane attende. For med kursveksten som no er på bitcoins ville det bli tvilsam business for romfartsselskapet å måtte betale attende i bitcoins.

- Eg har investert i nokre bitcoins sjølv, og finn det fascinerande korleis ein heilt ny valuta har blitt skapt, skreiv Branson ifylgje The Guardian. - For folk som har høve til å investere litt i bitcoins er det vel verdt å sjå nærare på dette.

Branson samanlikna innovasjonar i luftfart med innovasjonane i valuta med ein framtidsvisjon: - Tida for å bære på kontantar og myntar kan snart vere over.

Pionerane og entusiastane for valutaen trur kurssvingningane er ein barnesjukdom, og at valutaen etterkvart vil få ein meir stabil verdi. Dømet er utviklinga av epost og internett på 1990-talet. Knapt nokon hadde fantasi til å sjå føre seg ein utvikling slik vi har hatt i dag.


Veike punkt - er det ei ny boble?
Kva kan så føre til at bitcoin-prosjektet havarerer? Fleire ting kan sjølvsagt gå på tverke for dette fenomenet. Det første trugsmålet er statlege reguleringskrav og sanksjonar. I dag opplever bitcoinsentusiastane ikkje ubetydeleg interesse, og høyringa i det amerikanske Senatet vart nok sett på som positivt. Men motreaksjonane har også meldt seg. Den største uroa for statane er at bitcoin skal bli ein gøymestad for pengane til kriminelle og terroristar. Det kan munne ut i ein global statleg razzia. I Thailand vart det innført forbod mot i det heile å bruke bitcoins.

Eit anna scenario er at det vil late seg gjere å hacke programvara som valutaen byggjer på. Interessa for å bruke bitcoins kan også falle, og dermed vil verdien på bitcoins kunne verte massivt devaluert. Monopolisme kan også truge handelen med bitcoins, at nokre få aktørar får overveldande kontroll med pengemengda i systemet. 35 prosent har vore nemnt som eit kritisk nivå. Ein stor dominans av få eigarar vil også kunne gje høve til å omdefinere systemet for nokre få. Om ikkje det er så lett å hacke sjølve programmet vil dei digitale lommebøkene som høyrer til i systemet kunne vere sårbare. Det har allereie vore fleire innbrot av dette slaget.


Tulipanbobla
Nokre har samanlikna bitcoins med den såkalla tulipan-manien i Nederland i

Jan_Brueghel_the_Younger,_Satire_on_Tulip_Mania,_c__1640-WikiCommons.jpg (151498 bytes)

Illustrasjon: Wikicommons 


Tulipanhysteri: Apekattar kledd i 1600-talsdrakter handlar tulipanar og tulipan-laukar med kvarandre. Satirisk maleri inspirert av "tulipanbobla" av Jan Brueghel den yngre, omlag 1640. Frans Hals Museum, Haarlem, Nederland. Wikipedia.


byrjinga av 1600-talet. Spekulasjon i tulipanlaukar tok hysteriske former og nådde ein topp truleg i mars 1637, før bobla sprakk. På det meste vart ein einskild tulipanlauk visstnok seld for ti gongar årsinntekta til ein dugande handverkar. Samanlikninga er likevel ikkje heilt god, rett og slett fordi tulipanlaukane ikkje fekk nokon praktisk funksjon som byttemiddel, slik vi ser bitcoins går i retning av å få. Tulipanbobla var også nokså lokal, i motsetnad til bitcoins. Bitcoins har også ein høgteknologisk plattform som grunnvoll. Mellom dei mest innbitte vert det sagt at for å avskaffe bitcoins må ein demontere heile det globale internettet.

Alt i alt kan kanskje det største trugsmålet mot bitcoins vere at dei eksisterande valutasystema tilpassar seg til liknande bruksmåtar som bitcoins, og skrellar vekk gebyr og flaskehalsar i systema sine. Kanskje dei legg opp til meir anonymisering, kan hende også automatiserer eller markedstilpassar styringa ytterlegare, for å gje sentralbankane og politikarane mindre innverdnad på valutakursane. Dersom du ein dag kan bruke Euro, dollar og yen på omtrent same måte som bitcoins i dag, forsvinn kanskje heile vitsen med den digitale valutaen for mange brukarar. Og så kan sjølvsagt nokon finne på eit alternativt system for ein virtuell valuta, som er endå smartare enn bitcoins. Fleire virtuelle valutaer har meldt seg på under dei siste månadene med opptur: Litecoin, Namecoin, Peercoin, Primecoin, Feathercoin, Novacoin, Infinitecoin, Megacoin, Quarkcoin og ikkje mindre enn 60 andre, skal vi tru The Guardian.

Kva er det mest sannsynlege? Ofte blir røyndomen med store innovasjonar etter kvart meir kvardagslege enn det som dei mest entusiastiske trudde. Kanskje bitcoins rett og slett vil utvikle og utfalde seg til eit visst nivå, og så finne ein plass mellom fleire ulike system og løysingar, som så vil leve side om side, med nokre opp- og nedturar. Og korkje tre eller tulipanar har til no vakse inn i himmelen.

Relaterte linkar:
Bitcoin plummets as China's largest exchange blocks new deposits Av Alex Hern. The Guardian. 18. desember 2013
46 milliarder kroner borte på 13 dager Av Magnus Blaker. na24.no 18. desember 2013
Bitcoin-kursen er halvert på en uke Av Johann D. Sundberg og Thomas Solberg. e24.no 18. desember 2013
Spelbutik i Stockholm först ut med kassa för bitcoins Av Juan Flores. dn.se 17. desember 2013
Christmas gift guide for the bitcoin millionaire – in pictures Av Siraj Datoo and Samuel Gibbs. The Guardian. 12. desember 2013
- Ser ikke ut til at Bitcoin-eventyret er over Av Cecilie S. Gjendem. dn.no 11. desember 2013
Apple blocks bitcoin payments on secure messaging app Gliph Av Alex Hern. The Guardian. 10. desember 2013
Norsk nettbutikk tester betaling med Bitcoin Av Erik B. Utheim. e24.no 10. desember 2013
Recovering stolen bitcoin: a digital wild goose chase Av Alex Hern. The Guardian. 9. desember 2013
Nu går det att handla med bitcoin i Göteborg Av Tina Zenou. dn.se 9. desember 2013
Kollaps for Bitcoin dn.no 9. desember 2013
Kjøpte Tesla S med bitcoins Av Lars Akerhaug. e24.no 7. desember 2013
Bitcoin price tumbles after warning from Chinese central bank Av Alex Hern. The Guardian. 5. desember 2013
Bitcoin hype worse than 'tulip mania', says Dutch central banker Av Alex Hern. The Guardian. 4. desember 2013
Online drugs marketplace shut down after £3.5m bitcoin hack Av Alex Hern. The Guardian. 3. desember 2013
U.S. Air Force Building Bitcoin Payment Gateway Av Brian Cohen. Bitcoin Magazine 2. desember 2013
Jusprofessoren og eksperten på betalingsformidling tror ikke fremtiden for bitcoin er spesielt lys hegnar.no. 2. desember 2013
Bitcoin-interessen tidoblet hegnar.no. 2. desember 2013
Bitcoin mining malware could be hidden in app, security researchers warn Av Charles Arthur. The Guardian. 2. desember 2013
Is Bitcoin a potential weapon of mass economic destruction? Av Phillip Inman. The Guardian. 28. november 2013
Nine bitcoin alternatives for future currency investments Av Samuel Gibbs. The Guardian. 28. november 2013
Norge har ingen kontroll med hvitvaskings- maskin Av Magnus Blaker. nettavisen.no. 28. november 2013
Missing: hard drive containing Bitcoins worth £4m in Newport landfill site Av Alex Hern. The Guardian. 27. november 2013
Milliontyveri hos dansk Bitcoin-selskab Av Thomas Breinstrup. b.dk. 26. november 2013
Is Bitcoin about to change the world? Av Alex Hern. The Guardian. 25. november 2013
- Mystiske hackere stjal verdier for seks millioner kroner av en digital lommebok Av Marius Evensen. dagbladet.no 26. november 2013
52 milliarder kroner som ingen vet hvem eier Av Magnus Blaker. nettavisen.no 24. november 2013
Virgin Galactic to accept Bitcoin for space flights Av Amanda Holpuch. The Guardian. 22. november 2013
US police force pay bitcoin ransom in Cryptolocker malware scam Av Samuel Gibbs. The Guardian. 21. november 2013
Skatteetaten har bestemt seg: Handler du bitcoins må du ut med både skatt og moms
Av Marius Lorentzen. e24.no 21. november 2013
Bitcoin-kursen spretter i været NTB. e24.no 20. november 2013
Bitcoin risks and rewards discussed at Senate hearing on virtual currency Av Dominic Rushe. The Guardian. 18. november 2013
Bitcoins kan gi skattesmell Av Odd Steinar Parr. dagbladet.no 18. november 2013
US regulations are hampering Bitcoin's growth Av Jerry Brito. The Guardian. 18. november 2013
Sveriges första bitcoinautomat på gång Av Caroline Englund. Dagens Nyheter. 15. november 2013
Why The Bitcoin Greenlist is Structurally Dangerous to the Bitcoin Ecosystem Av Vitalik Buterin. Bitcoin Magazine 14. november 2013
Nettvalutaen Bitcoin setter ny kursrekord Av Marius Lorentzen. E24. 13. november 2013
The Bitcoin travellers: round the world using online currency only Av Will Coldwell. The Guardian 1. november 2013
Valutaen som bankene ikke kan styre Av Fredrik Lauritzen og Eva Stabell. nrk.no 8. november 2013
Bitcoin cashes in as its first ATM opens in Vancouver Reuters. The Guardian 30. oktober 2013
Man buys $27 of bitcoin, forgets about them, finds they're now worth $886k Av Samuel Gibbs. The Guardian 29. oktober 2013
Bitcoins erklært forbudt i Thailand Av Eric B. Utheim. e24.no 1. august 2013
Svar på spm. 1153 fra stortingsrepresentant Ketil Solvik-Olsen, Frp Av Finansdepartementet ved Sigbjørn Johnsen. regjeringen.no, dokumentarkiv.  19. april 2013
Nå kommer Bitcoin-minibankene Av Stine Barstad. aftenposten.no 11. april 2013
Internett-penger med kjempeboom Av Eric B. Utheim. e24.no 4. april 2013
Bitcoin Norge AS
Coinbase.com. Bitcoin Wallet
Bitcoin Block Explorer (Block Chain)
Bitcoin Magazine
Wikipedia Norge



NYHETER  MELDINGER


Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Teater henger sammen med samfunnet, og i et videre perspektiv vil vi også være et forum for dagligliv, ferie og fritid. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no