AKTUELT / Kultur og samfunn
(annonse)

Denne side publisert
7. oktober 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Brothers in ARMS

Den 27 år gamle amerikanske forfattaren Matthew Eck frå Kansas City, Missouri, har vore soldat i den amerikanske hæren, både i Somalia og på Haiti. Og det er hendingar i Somalia som er utgangspunktet hans for debutromanen hans. The Farther Shore, Den andre siden, kom i år ut på Vega forlag.

Den unge forfattaren har blitt omtala som ei spennande ny røyst, og ikkje noko mindre enn ein mogleg arvtakar til Ernest Hemingway. Den første store krigsromanen i vår generasjon, hevdar nokon om boka. Storleiken ligg i så fall ikkje i omfanget: Den andre siden er ingen mursteinsroman, men ei smålåten bok på om lag 150 sider.

Styre eldgjevinga
Fire amerikanske soldatar er smugla inn på oppdrag i ein stor aust-afrikansk millionby, svært lik hovudstaden i Somalia, Mogadishu. Dei ligg på eit hustak midt i tropenatta og fylgjer med på bombardementet frå amerikanske hær- og flystyrkar. Målet for åtaket er dei lokale krigsherrane, og dei fire soldatane sender radiomeldingar som skal styre eldgjevinga så presist som mogleg. Oppdraget er farleg, gruppa ligg tynt an dersom dei blir oppdaga. Noko går gale og dei må kome seg ut av byen og attende til sine eigne avdelingar.

1-Eck-omslag.jpg (94144 bytes) Matthev Eck med krigsbok frå Somalia blir sammenlikna med legendariske Hemingway.

Eck dreg lesaren inn i situasjonen og vidare inn i handlinga på ein lavmælt og nær måte. Handlinga er dramatisk nok og rimeleg surrealistisk der dei tungt utrusta amerikanske soldatane hamnar midt i den opprivne kvardagen til dei hardt prøvde sivile. Forfattaren unngår likevel å bli anmassande og heseblesande, teksten er poetisk og tett på sanseinntrykka til hovudpersonen. Det er nok denne språklege kvaliteten som kan føre tankane til Hemingway eller for den saks skuld Vainö Linna (Ukjent soldat). Og dette er ein roman som godt kunne blitt til film: Med potensiale for andre kvalitetar og fokus enn den kjende Black Hawk Down (2001, regi Ridley Scott) frå det same kampscenariet på Afrikas Horn. Boka har også stilmessig slektskap til The Thin Red Line (1998, regi Terrence Malick, basert på roman av James Jones frå 1962).

Krigsrøyndomen i denne boka er elles skildra svært annleis enn internettbaserte virtuelle krigsspel, actionfilmar og nyhendereportasjar. Sjølv om den moderne hightech-krigen dannar ramma for handlinga, er likplyndring på slagmarka det same i det 21.århundre som til dømes under slaget ved Poltava i 1709.

Nære inntrykk
Det vil vere god plass i feriebagasjen sjølv om denne vesle boka er med. Og sjansen er stor for at ho vil bli lest i løpet av turen. Det er ein tekst som kan opne sansane for dei nære inntrykka utanfor boka. For du vil trenge kvile til smak, lukt, augo og øyre når du let ho att: Så godt livet kan vere - utan krig!


Den andre siden. Av Eck, Matthew. Originaltittel: The Farther Shore. Omsett til bokmål av Håvard Syvertsen. Vega Forlag, Oslo 2009. ISBN 978-82-8211-061-7 (155 sider).

Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no