AKTUELT / Kultur og samfunn
(annonse)

Denne side publisert
23. januar 2010

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Arkiv
SØK


HERODES betre enn ryktet?

Vi kjenner han alle frå jule-evangeliet: Han tok imot dei tre vise menn frå Austerland før dei fann fram til stallen og krubba. Og etterpå, for å få has på det nyfødde Jesusbarnet, gav han ordren til den illgjetne massakren av alle gutebarn under to år i Betlehem. I tillegg hadde han dårleg ånde! Mannen er kong Herodes den første. Var han likevel så ille?


For I det Nye Testamente står det slik hjå evangelisten Matteus: ”Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre, dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.”

2.PieterBruegel-Barnemordet i Betlehem-wiki.jpg (243071 bytes)
Barnemordet i Betlehem i vinterlandskap. Her har den nederlandske målaren Pieter Bruegel den eldre (1527-1569) plassert hendinga inn i samtida si som ein allegori eller ei likning. Han har brukt ei verkeleg hending som modell, då spanske leigesoldatar massakrerte verjelause nederlandske sivile i den vesle byen Brabant på 1500-talet. Wikicommons.

Gjennom kunsthistoria er barnemordet i Betlehem eit av dei mest kjende motiva. I Finland og Sverige vert 28. desember framleis markert som dei ”uskuldige barna sin dag” (Menlösa Barns dag) med utgangspunkt i denne hendinga. I Frankrike vert dagen kalla Fête des Innocents ("Fest for dei uskuldige").

Ikkje silkehanskar
Men skjedde verkeleg denne massakren? Ny israelsk forskning tvilar på det, kan vi lese i National Geographic. Det fins nemleg berre denne eine kjelda, Matteus-evangeliet, som byggjer opp under påstanden.

Kjeldene viser likevel at Herodes ikkje var ein mann som gjekk fram med silkehanskar. Mellom anna drap han ei av konene sine og tre av sønene, ei svigermor og fleire hoff-folk. Vegen til makta var farefull og vanskeleg, med krig og intriger. Midtausten hadde mange rivaliserande stammer, og var ikkje enklare å løyse enn i vår tid. At Herodes bygde makta på samarbeid med romarane gjorde han heller ikkje populær blant jødane i samtida si. Det var heller ikkje lett å halde på makta. Før han døydde planla han at hæren skulle drepe ei gruppe leiande Jeriko-borgarar etter at han var gått bort, for at folk skulle vise truverdig sorg. Dette vart heldigvis ikkje gjennomført.

Sjukdom og ettermæle
Den jødiske historikaren Flavius Josefus skildrar om lag hundre år seinare med stor skadefrygd sjukdomane til kong Herodes: Josefus fortel om opphovna føter, krampeanfall, sjukleg apetitt, sår i tjukktarmen, råtnande og makketne kjønnsorgan og utruleg dårleg ånde. For samtida var dette sett på som teikn på harme frå Gud. Skildringane har skapt mykje hovudbry hos seinare historikarar, som har freista å stille diagnoser. Mellom anna har syfilis vore diskutert.

Mange meiner no at det er den fiendtlege Josefus som har funne på skildringa, for å sverte ettermælet til kongen. Slikt var ikkje uvanleg. Ifylgje den same Josefus vart Herodes elles gravlagt med stor respekt og ære i år fire før Kristus. Liket vart lagt på gyllen båre pynta med edelsteinar og purpur, med septer og krone.

6.Herodion frå lufta-wiki.jpg (1291540 bytes)
Herodion: Villakomplekset med gravstaden til Herodes sett frå lufta. Wikicommons.

Gravstaden til Herodes vart funnen av forskarane ved Hebrew University i Jerusalem i april 2007, i mausoleet i byggeanlegget Herodion. Det var i si tid truleg det største villakomplekset i heile Romarriket, skal vi tru National Geographic. Utgravingane skjedde midt i eit politisk stridsområde, og har gjeve mykje ny kunnskap om denne tida.

Velstand og pondus
Under Herodes var det også tjue politisk rolege år, med økonomisk velstand. Han var god ven med den romerske hærføraren Octavian som seinare vart keisar Augustus. Den ærlege og verdige framtoninga til Herodes gjorde visstnok så sterkt inntrykk på Ocatvian at han stadfesta Herodes sin kongestatus, og la fleire landområde til riket. Mellom anna var grunngjevinga at Herodes sin melopsychia – sjelelege pondus – var for stor til eit så lite kongedømme som Judea.

4. Herodes den store erobrar Jerusalem-wiki.jpg (61095 bytes)
Herodes rir inn i Jerusalem. Måleri av franskmannen Jean Fouquet (1420-1481). Wikicommons.

Økonomien gjekk så bra for Herodes, at på sitt meste var han den tiande rikaste i heile det romerske imperiet. Han samla leiande vitskapsmenn, diktarar, bilethoggarar, malarar og arkitektar frå aust og vest rundt seg. Han gav også naudhjelp til folk i Hellas og Vesle-Asia (noverande Tyrkia) under svolt og naturkatastrofer. Så populær vart Herodes i Hellas at han vart vald til president for dei olympiske leikane! Så får vi velje kven vi skal tru mest på…

Av Stein Willumsen Kippersund

Fakta - Herodes:

Herodes 1. den store, 73-4 f.Kr.
Son til idumearen Antipater, statthaldar for romarane i Judea.
Vart utnemnd til konge over Judea av det romerske senatet i år 40 før Kristus.
Alliert med romarane, erobra Jerusalem og rådde over Judea, Samaria, Galilea, Idumea, Batanea og Perea.
Stod bak store byggverk i antikken, som det store tempelet i Jerusalem og hamnebyen Cæsarea, som hadde romersk amfiteater for 3500 tilskodarar. I dag årleg vertsby for ein internasjonal jazzfestival der det også har vore konsert med rockegruppa Deep Purple.
Bygde festninga og palasset Masada, siste skanse for det jødiske opprøret mot romarane i år 73 etter Kristus. Alle israelske offiserar sver truskapseiden her, med orda ”Masada skal aldri falle igjen”.
Far til Herodes Antipas, som også styrde med støtte frå romarane, kjend for drapet på Johannes Døyparen og frå Jesu si lidingssoge.


Kjelder:
Wikipedia.
”Skurk eller visjonær hersker? Kong Herodes” Av Tom Mueller. National Geographic nr 15/2008.
Hill, Duncan: Oldtidens Roma. Fra republikk til keiserdømme. Spektrum 2008.
Store norske leksikon. Kunnskapsforlaget 1981, band 5.
Evangeliet etter Matteus 2,16
.

Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no