AKTUELT / Kultur og samfunn
(annonse)

Denne side publisert
11. april 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Arkiv
SØK


Napoleon på SYDENTUR

Vinden har løya, og dei opprørte bølgjene i Tyrrenhavet har roa seg. Den britiske fregatten HMS Undaunted, ”Uredd”, stampar seg sakte framover. På dekket står ein kortvaksen mann ved rekka, i grøn frakk og med engelsk sjømannshatt på hovudet. Han ser på den kantete kystlina som sakte stig fram av skodda. ”Uff, det liknar på Korsica”, mumlar han. Det er tirsdag 3. mai 1814 og den avsette franske keisar Napoleon er snart framme ved sitt eksil: Øya Elba.


Elba er ein del av den toskanske øygruppa utanfor byen Piombino på vestkysten av Nord-Italia. Snart skal han setje foten på land i hamna til den vesle hovudstaden Portoferraio, litt austanfor midten på nordsida av øya.

Cruikshank_-_Little_Boney_gone_to_PotWikiCommons-crp.jpg.png (1071457 bytes)
Napoleon på nattpotta: ”Hvis du har att ein liten gneist av mot, så tek du denne”, seier djevelen og rekkjer pistolen til Napoleon. ”Little Boney” var det engelske kallenamnet på Napoleon. ”Eg gjer kanskje det, hvis du tek vekk fenghetta”, svarar Napoleon. Den engelske karikarturteiknaren Georg Cruikshank (1792-1878) står bak det lite flatterande bildet av den franske keisaren i sitt eksil på Elba. Tidspunktet er 12. mai 1814, fem dagar før den norske Grunnlova vart vedteken. Wikicommons.

Det var knapt to år sidan keisaren hadde stått på høgda av makta si. Med den største krigsmaskina verda hadde sett, La grande armée, hadde Napoleon ein soldag 24. juni 1812 kryssa elva Nemunas i Litauen med ein halv million soldatar. Invasjonen var eit voldsomt åtak på Russland, og berre tre månader seinare stod den franske keisaren i Moskva. Men det kosta dyrt, og han hadde ikkje rekna med den russiske vinteren. Eller at den russiske hovudstaden skulle brenne ned og bli uleveleg for franskmennene. Tilbaketoget vart ei katastrofe. Napoleon kom seg så vidt levande heim til jul, saman med ein brøkdel av den stolte hæren.

Julefreden vart ikkje langvarig. Sjette juledag, onsdag 30. desember 1812, vart den Sjette koalisjonen underteikna i Tauroggen (Taurage) i Litauen. Ein sterkt svekka keisar betydde eit gyldent høve for Napoleon sine gamle rivalar. Her var det inga tid å miste. Signatarmaktene Austerrike, Preussen, Russland, Storbritannia, Portugal, Sverige, Spania og fleire mindre tyske statar gjekk no saman for å knekke den franske stormakta for godt. Frankrike hadde blitt slått i Russland, no skulle keisaren også ut av Tyskland.

Fontainebleau-April04-WikiCommons.jpg (58619 bytes)
Abdikasjon: Slik såg malaren François Bouchot (1800–1842) føre seg situasjonen då Napoleon underteikna kapitulasjonen i aprildagane 1814. 11. april var Fontainebleau-traktaten klar, og Napoleon måtte pakke for eksil. Wikicommons.

Nekta marsjordre
Sjølv om Napoleon på kort tid mobiliserte nye tropper og vann fleire slag, vart overmakta for stor. I det store såkalla ”Folkeslaget” ved Leipzig midt i oktober 1813 vann koalisjonen ein avgjerande siger. Onsdag 30. mars 1814 kunne dei allierte marsjere inn i Paris. Dei franske generalane nekta å fylgje marsjordrane frå keisaren med restane av keisarhæren. Omsider innsåg også Napoleon den umoglege nye røyndomen. Etter forhandlingar gjekk han mandag 11. april med på å skrive under traktata i Fontainebleau, der det mellom anna står fylgjande:

(...) Dei allierte maktene har hevda at keisar Napoleon var det einaste hinderet for å få attende freden i Europa, keisar Napoleon, trufast mot eiden sin, gjer kjent at han gjev frå seg, på vegne av seg sjølv og arvingane sine, trona til Frankrike og Italia, og at det ikkje er noko offer, ikkje eingong livet, som han ikkje vil gje til det beste for Frankrike. (...)

Giftpille
Slik gjekk Napoleon med på å gi frå seg alle rettar til Frankrike, og godtok å gå i eksil til øya Elba. Det vert hevda at keisaren etter traktaten freista å ta sjølvmord med ei giftpille han hadde hatt på seg sidan tilbaketoget frå Russland. Men pilla hadde mist krafta i tida som hadde gått og Napoleon overlevde. På vegen til Elba møtte han også fleire drapsforsøk.

Adieux_de_Napoleon_a_la_Garde_imperiale-WikiCommons.jpg (180138 bytes)
Farvel til Garden: Maleria frå Napoleonstida byr på mange kjensler i propagandastil. Napoleon hadde nesten ein slags gudestatus i samtida si. Her ser vi korleis malaren Antoine Alphonse Montfort (1802–1884) såg føre seg den store keisaren ta farvel med sine gamle gardistar. Wikicommons.


21. april 1814 tar Napoleon eit kjenslefylt farvel med den Gamle Garden sin på slottsplassen i Fontainebleau. Fleire av desse soldatane hadde vore med både til Egypt og til Moskva. No nesten slost dei for å få vere med i gruppa som skulle fylgje han, til Elba.

På dekket til HMS Undaunted gjekk vel tankane også til kona Marie Louise. Ho var fornem flyktning hos far sin i Wien, Frans den andre av Austerrike. Der var ho saman med deira felles tre år gamle son Napoléon François.

United_States__and_the__MacedonianWikiCommons.jpg (80814 bytes)
Fregattar i strid: Batalje i 1812 mellom krigsskipa United States og the Macedonian (til venstre). Det var eit skip av same type som the Macedonian som frakta Napoleon til Elba. Skipet Undaunted var av den same Lively-klassa. Det hadde 38 kanoner og var rekna av skipparane som særs gode skuter, ikkje minst i tung sjø. I alt vart det bygd 16 skip av denne typen, som hadde si stordomstid under Napoleonskrigane. Måla i 1813 av engelsk-amerikanske Thomas Birch (1779–1851). Wikicommons.


Syster Pauline

Kanskje lengta han etter den polske elskarinna si, 27 år gamle hertuginne Marie Walewska. Og etter den fire år gamle sonen han hadde med henne, Alexandre. Det siste møtet han hadde med sine nærmaste, var med den trufaste systera, Pauline. På vegen frå Fontainebleau til eksilskipet stogga han nokre timer i slottet Boilledou ved Luc i Provence. Den livlege kvinna nekta å gi han ein klem før han hadde fått av seg den austerrikske uniformen og den russiske frakken han hadde på seg. Motstrebande hadde så broren skifta til fransk husaruniform, og då kasta Pauline seg i armane hans. Ei stund gløymde han vanskane sine i humor og latter.

Napoleon_Bonaparte_auf_ElbaWikiCommons-crp.jpg (41496 bytes)
224 kvadratkilometer: Den vesle øya Elba vart gjort til eit slags Lilleputtkeisarrike av Napoleon i snaue ti månader. Maleriet er laga av ein ukjent kunstnar. Wikicommons.

No var han framme. Dei 224 kvadratkilometrane på Elba skulle bli heimen og riket til ekskeisaren. 12 000 innbyggjarar var det i dette Lilleputtlandet. Tittelen fekk han halde på framleis, og ein vaktstyrke på 600 soldatar. Den vart etterkvart til over 1000. Og nokre kommisjonærar frå dei allierte var med for å passe på at ørna ikkje kasta fotlenka.

Superstjerna går i land
”Evviva il Imperatore – leve keisaren!”
runga det i hamna og i gatene. Godt forarbeid frå medarbeidarane hans gjorde landstigninga på ettermiddagen onsdag 4. mai til reine triumftoget og folkefesten. Alle var på beina, kyrkjeklokkene ljoma, bynøklane, på pute, vart gjevne høgtideleg til Napoleon. Det var flagg, girlandarar, kanonsaluttar og ”Te Deum” i den vesle kyrkja i Portoferraio.

Brått hadde det rolege øysamfunnet hamna midt i verdspolitikken. Rett nok hadde fyrstedømmet Piombino med Elba og dei andre øyene i nabolaget blitt avstått frå kongedømmet Napoli i 1801. Gjennom Firenze-traktaten av 28. mars 1801 var øya blitt ein del av Frankrike. Og trugsmålet frå piratverksemda til Barbaresk-statane låg alltid bak horisonten for den vesle Middelhavsøya. For nokre veker sidan hadde grupper i den franske garnisonen på 5000 mann gjort mytteri: Nyhenda om Fontainebleau-kapitulasjonen hadde nådd øya. Men no hadde sjølvaste hovedrolleinnehavaren, superstjerna på den politiske scena, rast gjennom taket og landa midt i kvardagen deira. Og livet vart snart sett på hovudet av den nye herskaren.

Samfunnsplanlegging
Første natt på land, dårleg søvn, hyllestmusikken utanfor huset hadde teke på. Om morgonen stikk Napoleon hovudet ut av vindauget frå soverommet i rådhuset. Stanken frå den opne kloakken i gatene slår i mot han. Med vanleg energi set keisaren straks i gang med å planlegge og organisere samfunnsendringar i det vesle øysamfunnet. Ny bustad for seg og hoffet, brulegging av gatene, innsamling av søppel, bygging av vegar, vasspumper, gatelykter og tre, strenge sanitærreglar, reglar for prostitusjon, ny stram budsjettstyring i kommuneøkonomien, full fart i saltanlegg, vin- og jordbruksdyrking og ikkje minst jerngruvene. Ingen Napoleon utan geopolitikk: Den vesle, nesten folketomme naboøya Pianossa vart grundig erobra og lagt til det nye keisarriket.

Maria_WalewskaWikiCommons-crp.jpg (57788 bytes)
Polsk elskarinne: Napoleon tok ikkje mykje omsyn til kvinner i livet sitt. Eit av dei veike punkta hans var den polske hertuginna Marie Walewska (1786-1817). Ho og sonen dei hadde saman vitja Napoleon ein gong på Elba, i største løynd. Wikicommons.

Men det var ikkje gratis. Det kosta også å halde hoff: Soldatar og rådgivarar som keisaren har med seg skal ha si løn. Fontainebleau-avtalen innebar at Napoleon skulle få 2 millionar franc årleg frå den nye franske kongen, Ludvig 18. Desse pengane forblir i det blå. Med tolmod, trugsmål og overtaling klarer Napoleon å få ut 200 000 franc frå jerngruvesjefen, pengar som tilhøyrer Æreslegionen. Og endå viktigare: Han får mamma Letizia Ramolino Bonaparte til å busetje seg på øya. Ho gjev sin keisarlege son råd – og meir pengar.

Gyldne tider
Napoleon ville også ha kona Marie Louise og sonen sin til øya. Det viste seg å vere meir enn vanskeleg. Napoleon skulle aldri få sjå att desse to, dei allierte sytte for å hindre det. Men den ”polske familien” til Napoleon, med Marie Walewska og sonen Alexandre vitja han. I største løynd hende det, eitpar stormfulle netter i september. Marie vona ho kunne få bu på Elba saman med kjærasten. Napoleon nølte. Men dei politiske omsyna fekk han til å sende henne gråtande avgarde. Øya summa av rykter, sladder og spionar. På kneipene i Portoferraio var det gyldne tider: Soldatar, spionar og dei lokale drakk, sloss, veksla pengar og informasjon.

Etterkvart byrja dei allierte å kjenne seg trygge på at Napoleon hadde slått seg til ro. Mannen dreiv med treplanting! Då hadde han vel tenkt å bli verande? Dei frykta ikkje lenger at han skulle freiste å få attende makta på fastlandet. Men det kom åtvaringar. Og allereie frå første stund hadde Napoleon truleg målet klart.

Napoleon_forletElba-WikiCommons.jpg (106949 bytes)
Søndag 26. februar 1815: Medan del allierte sin kommisær Campbell var på Italia-tur såg Napoleon sin sjanse og forlet sin rommelege husarrest i Portoferraio. Måleri av Joseph Beaume (1796–1885). Wikicommons.

På fransk jord
26. februar 1815 sette Napoleon til sjøs, og nokre dagar seinare stod han igjen på fransk jord. Ludvig 18. sende straks ein hær mot han. Då hæren møtte Napoleon, sprang han av hesten. Han peikte på brystet sitt og ropte: «Her er eg. Skyt keisaren dykkar, om de ynskjer det”. På eit blunk hadde keisaren både folket og hæren på si side. Ferda til Paris vart ei triumfferd med 140 000 soldatar og 200 000 friviljuge. Det som seinare vart kalla ”dei hundre dagane” var i gang. Skulle keisaren sine sigerrike troppar påny skake Europa? Det endelege svaret skulle alle få: Ved den vesle byen Waterloo i Belgia, 18. juni 1815.

Elba_16_Juni_1944-WikiCommons.jpg (87994 bytes)
Andre verdskrigen: Elba hadde ei kort rolle i sluttspelet av den andre verdskrigen. Her stormar franske infanteristyrkar i land på øya i juni 1944 som del av den store offensiven dette året. Dei tyske soldatane som heldt øya hadde fått ordre om å stå imot dei allierte, uansett pris. Kampane vart difor svært harde. Wikicommons.

For Elba var den søte tida i storpolitikken sitt sentrum over. Over 100 år gjekk det før dramatikken på ny nådde øya. 17. juni 1944 gjekk franske og engelske styrkar saman i land, for å kasta ut dei tyske okkupasjonssoldatane. 40 britiske, 250 franske og over 500 tyske soldatar måtte bøte med livet i det som kanskje var eit fånyttes slag. Adolf Hitler ville at øya skulle forsvarast til "siste mann og siste patron". I fem månader var Elba på ny fransk. Men det er ei anna historie.

Av Stein Willumsen Kippersund

Elba:

Innbyggjartal: 31 572 (2009).
Areal: 224 kvadratkilometer
Største by: Portoferraio (idag 12 000 innbyggjarar).
Klima: Typisk Middelhavsklima med gjennomsnittstemperaturar frå pluss 7 til 27 grader Celsius.
Næringsliv: Turisme, gode tilhøve for syklistar, vindyrking.
Transport: Båt og ferjesamband til Piombino, nærmaste by på fastlandet. Det er også flyplass på øya.

Kjelder:
Campbell, Sir Neil: Napoleon on Elba. Diary of an Eyewitness to Exile. Ravenhall Books, 2004.
Christophe, Robert: Napoleon on Elba. Macdonald, London 1959.
Wikipedia.
.

Tuscan_archipelagoWikiCommons.png (203911 bytes)
Den toskanske øygruppa: Gorgona, Capraia, Elba, Pianosa, Montecristo, Giglio, og Giannutri er alle no del av ein Nasjonalpark. Wikicommons.

Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no