AKTUELT / Kultur og samfunn
(annonse)

Denne side publisert
24. juli 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Arkiv
SØK


Draumen om SJØMAKTA

Tidleg på 1700-talet var Peter den store nærmast forheksa av å få til ein moderne russisk krigsflåte. Sjølve byen St. Petersburg inst i Finskebukta er grunnlagt på visjonen om russisk sjømakt. Sjømakt ikkje berre i Austersjøen, men også over heile verda. Redsla for å miste kontakten med havet stikk djupt i russisk geopolitikk. Då Vladimir Putin våren 2014 valde å bryte folkeretten for å sikre seg herredømmet over Krimhalvøya, går linene over tre hundre år bakover i tid. Og tirsdag 27. juli 1714 vart ein merkedag for Russland. Oppdatert: Gå til slutten av sida.


Og framleis vert dagen feira som tidspunktet for elddåp og fødsel for den russiske marinen. Så viktig er denne dagen at feiringa av Flåtens dag ikkje ligg på datoen 27, men på siste søndag i juli. Det skal knapt store spådomkunster til for å sjå føre seg at denne dagen også vil bli markert i år.

HangoKonfg-KorrSpeilvEricson.jpg (122725 bytes)
Slagoppstilling: Slik såg  den franske kunstnaren Pierre-Denis Martin d.y (1663–1742) føre seg sjøslaget i skjergarden ved Hangöhalvøya i Sørvest-Finland. Nærmast i bildet ser vi den russiske reservestyrken. Den svenske lette fregatten Elefant, med dei høge mastene, er kjernen i den svenske flotiljen sentralt i biletet. Kunstnaren ser føre seg at kanonduellen mellom dei to styrkane nyss er byrja. Russarane ville bryte den svenske blokaden mot Finskebukta. Wikicommons.

Fem år tidlegare, i 1709, hadde russarane knekt ryggrada til den svenske landkrigsmakta under Karl 12. På slettene ved Poltava, i det som no er Ukraina, måtte den krigslystne svenskekongen leggje på vill flukt, og slapp så vidt unna. Hovudvendepunktet i Den store nordiske krig (1700-1721) var eit faktum.

Men framleis heldt svenske krigsskip eit fast grep om sjøområdet utanfor Peter sin nye hovudstad. I vest hadde svenskane store vanskar mot den dansk-norske flåten, som var alliert med Russland. Den norske sjøoffiseren Peter Wessel hadde enno ikkje fått namnet ”Tordenskjold”. Men så langt hadde ingen russiske marinefarty klart å slå svenskane i strid til sjøs. Snart skulle det by seg eit høve.

GaleiFerdinandVictor_PerrotTBattleGrengam27thJuly1720.jpg (94807 bytes)
Krigsskip med årer: Skjergardane i Austersjøområdet baud på spesielle utfordringar til krigføring. Dei store seglskipa med kanoner på sidene var avhengige av både vind og djupne for å kunne navigere. Då var det lettare for galeiane, rofartya. Dei var smidige, lette og raske i grunne farvatn. Heilt frå antikken hadde slike skip blitt brukt i Middelhavet av fønikarar, grekarar og romarar i sjømilitære operasjonar. Ulempa var at desse skipa ikkje hadde same eldkrafta som dei store seglførande lineskipa og fregattane. Dei fleste galeiane hadde kanoner i baugen eller i hekken. Under den store nordiske krigen nytta både svenskane, danskane og spesielt russarane mange galeiar i krigsoperasjonane sine. Maleriet over er laga av franske Ferdinand Victor Perrot (1808–1841) og viser ein av over seksti russisk galeiar i aksjon i slaget ved Ledsund utanfor Åland 27. juli 1720. Slaget gjekk føre seg på på 6-årsdagen for Hangöslaget. Det er strid om kven som vann Ledsundslaget, men truleg kom russarane best ut. Wikicommons.

"Östra rikshalvan"
Våren 1713 sette Peter landkrigoffensiven i gang mot Finland. Som vi veit var Finland framleis ein del av det svenske riket, tidleg på 1700-talet, den såkalla ”östra rikshalvan”. Det var ikkje Finland i seg sjølv som var mest interessant for Peter. Men landet var eit naudsynt steg på vegen inn til sjølve hjartet av erkerivalen Sverige. Den nye russiske hovudstaden, St. Petersburg, med marinebasen Kronstadt like ved, spelte no viktige roller. Peter den store hadde verva skipsbyggjarar og sjøfolk frå Hellas, Venezia og Balkan. På rekordtid hadde han fått bygd opp ein flåte på rundt 100 krigsgaleiar, seksten lineskip og fem fregattar.

Den svenske seglflåten hadde hovudbasen sin i Karlskrona i Blekinge på den svenske austkysten. Den skulle vere budd for å møte den dansk-norske flåten og sikre svenske forsyningar og frakt av troppar til krigsteatra lenger vest i Austersjøen. Innerst i Finskebukta kunne Peter den store stort sett byggje opp slagkrafta si i fred.

Blodig vinterdag
Åtaket på Finland kunne difor gjerast sjøvegen, med troppetransportar direkte over til Helsingfors-området. Med den svenske landkrigsmakta nede for telling gjekk det fort å få kontroll over Sør-Finland. Etter ei vinterpause heldt offensiven fram og fredag 19. februar 1714 var begge hærane i området ved Storkyro, i dag kalla Isokyrö. Staden ligg snaue 40 kilometer aust for Vaasa i Midt-Finland. Her møtte 4100 svenske soldatar drygt det doble talet av russiske troppar.

Ordren til den svenske øverstkommanderande, general Carl Gustaf Armfeldt var i og for seg klar nok. Med sin nedkøyrde, forfrosne og hungersramma styrke skulle han forsvare det som var att av svenskkontrollerte område i Midt-Finland. Då han overtok kommandoen etter general Georg Henrik Lybecker fekk han i fanget ein katastrofal proviantsituasjon og ei tømd krigskasse. Mot seg hadde han fyrst Michail Golitsyn, som også hadde sine vanskar, med lite proviant og utslitne hestar. Situasjonen til den svenske styrken var likevel ekstremt krevande, frå fleire synsstadar nærmast vonlaus. Soldatane hadde likevel ein særskilt motivasjon: Dei var alle rekruttert frå sjølve Finland.

CarlGustafArmfeldtWikiCommons.jpg (114746 bytes)
Armfeldt sin dødsarmé: Den svenske feltherren er kjend for militære katastrofer både i Finland og i Noreg. Carl Gustav Armfeldt (1666-1736) var fødd "ein stad i Ingermanland" som det står i svensk Wikipedia. Ingermanland var det svenske namnet på området rundt det noverande St. Petersburg. Med militærteneste i tolv år i Frankrike vart Armfeldt heilt sentral i militærapparatet til Karl 12. I Noreg er han kjend som leiaren for det svenske armékorpset som etter at Karl 12. døydde returnerte frå Trondheim. Armeen freista å gå over grensefjella på nyåret 1719 i forrykande vinterstorm. 4273 soldatar døydde i uveret. Omlag 2100 overlevde, og av desse var 600 invalidiserte for livet. Wikicommons.

Med fastrådd trass tok difor Armfeldt oppstilling med hæren sin, venta på dei russiske manøvrane, såg ein sjanse og kasta seg offensivt inn i eit blodig feltslag i vinterkulda. Svenske kanoner fyrte av mot dei russiske infanteristane, heilt ned på tretti meters hald. Verknaden av kardesker og metallskrot var, som ein kan sjå føre seg, grusom. På ti meters hald fyrte dei svenske fotsoldatane av ei geværsalve, før dei gjekk laus med bajonett og sverd i nærkamp, mann mot mann. Det seier sitt om tilstanden i slaget at ingen av partane fekk nytta kavaleristyrkane i særleg grad, fordi hestane var for veike. Dette vart mest avgjerande for svenskane, som med sine elles slagferdige ryttarar kunne avgjort striden til sin fordel i rett augneblink.

Total krig i Finland
Men no var eit svensk nederlag ikkje til å kome unna. Tapstala vart elles store for begge partar. Mellom kvar andre og tredje svenske soldat måtte bøte med livet, i alt rundt 1600 mann. På russisk side er tala meir uklare. Mellom 1800 og 2000 døde eller såra soldatar, minst 400 av desse var falne. Mange av dei skadde fraus i hel eller døydde av blodtap der dei låg på slagfeltet, utan medisin eller stell.

Etter slaget drog dei siste svenske styrkane seg attende i full oppløysing, og kunne ikkje hindre ei storstilt og brutal russisk plyndring. Plyndring for å forsyne hæren var elles noko svenskane sjølve var godt kjende med, frå Karl den tolvte sine felttog i Sentral- og Aust-Europa. Frå russisk side var dette også ein medviten strategi. Det skulle bli umogleg for svenskane å operere i dei finske områda.

Okkupasjonen vart tung for finnane. Dei sju harde åra frå 1714 og fram til fredsslutninga i Nysted i 1721 går under namnet ”den store ufreden”.

Stockholm i siktet
Peter den store hadde dei vidare planane klare. Presset på Midt- og Nord-Finland skulle halde fram. Via Åland og skjergarden ikring låg Stockholm og det sentrale Sverige klart i siktet. Vansken var no å få nok forsyningar fram til dei store militærstyrkane. Finland var spreiddbygd og hadde berre litt over 400 000 innbyggjarar. Den russiske hæren kunne difor ikkje i lengda rekne med å skaffe seg dei naudsynte ressursane lokalt. Alt måtte fraktast frå St. Petersburg, og landevegen gjennom dei djupe karelske skogane var utenkjeleg. Sjøtransport over Finskebukta var det einaste moglege, og den russiske flåten måtte halde denne navlesnora open.

Peter_benoisWikiCommons.jpg (193154 bytes)
Peter den store drøymer: Den mangesidige russiske malaren Alexandre Benois (1870-1960), her med eit idealisert portrett frå 1916 av den legendariske russiske tsaren. Tittelen ”Peter the Great Meditating the Idea of Building St Petersburg at the Shore of the Baltic Sea.” seier det meste: Peter den store mediterer over ideen om å byggje St. Petersburg ved stranda mot Austersjøen. Byen vart grunnlagd 27. mai i 1703. Staden låg i eit sumpområde, noko som gjorde byggjinga svært krevjande. Tusenvis av arbeidarar på slavevilkår bukka under for slit og sjukdomar. Wikicommons.

Men svenskane hadde vakna. Finland og Åland skulle prioriterast. Året etter den russiske invasjonen i Finland sende svenskane to marinegrupper austover. Forsyningslina til Peter den store skulle snørast att. Peter vart for sterk på landjorda. Men på sjøen var hadde svenskane framleis kontroll, og russarane skulle sveltast ut. Vart forsyningslinene kutta, ville russarane måtte stanse offensiven i Finland.

Svensk sjøblokade
Viseadmiral Erik Johan Lillie hadde ligge ved Helsingfors med elleve lineskip sommaren 2013. No sette dei kursen attende vestover, langs den finske sørkysten. Hangö skulle bli den strategiske posisjonen. Våren 2014 kom ei ny kampskipsgruppe med femten farty under admiralen Gustaf Wattrang og forsterka vakthaldet ved inngangen til Finskebukta. Den svenske skjergardsflåten skulle også ta del. Det var ei gruppe på nokre titals mindre farty under kontreadmiral Nils Ehrenskiöld. Ehrenskiöld skulle få ei spesiell rolle under hendingane som etterkvart utvikla seg. Den svenske marinestyrken vart i utgangspunktet ein svært effektiv sperre for russisk framgang.

Peter den store såg godt kva veg dette bar. Styrkane hans i Finland var ille ute om dei ikkje fekk forsyningar sjøvegen. Tsaren vona at danskane skulle frigje noko av flåten sin til å gå saman med russarane om å bryte blokaden. Men naturleg nok hadde alliansepartnar Fredrik 4. nok med å halde kontrollen over sambandet mellom Danmark og Noreg, og nærområdet rundt dei danske øyene. Det var lite å hente frå det haldet.

Vågalt oppdrag
Skulle russarane åleine utfordre den imponerande svenske seglflåten? Svaret skulle bli både ja og nei. Peter den store sitt kjæraste leikety, den russiske lineflåten, skulle ikkje setjast i spel. Seksten lineskip, fem fregattar og tre mindre farty vart samla i reserve på sørsida av Finskebukta, ved det som i dag er Tallinn. Om bord var det bortimot 7000 soldatar og mannskap. Ein sterk styrke på papiret. Men skipa var ikkje heilt i trim, og troppane var uerfarne.

707px-Shtandart_cropped.jpg (80739 bytes)
Tsarens leikety: Fregatten Shtandart, fotografi av ein rekonstruert kopi (replika) av det første større skipet i Peter den store sin Austersjøflåte. Kopien er framleis i drift. Kjølen på det opprinnelege skipet vart lagd 24. april 1703. Denne kopien har tre master og kan vege opptil 220 tonn med last. Som ei kuriøs samanlikning kan det største flyet i verda i dag, Antonov An-225 Mriya, lette med maksvekt på 640 tonn. Altså nesten tre gongar så mykje. Lengda på dekket er 25 meter, om ein reknar med master og rigg 34,5 meter. På det breiaste er skipet  6,9 meter. Skipet kan klare mellom åtte og ni knop under segl. Mannskapet var i si tid på mellom 120 og 150 mann. Væpninga var mellom 24 og 28 kanoner. Skipet gjev eit inntrykk av korleis krigsfarty kunne sjå ut på denne tida. Shtandart var ikkje med i kamphandlingane som er skildra i artikkelen. Bildet er frå 2007. Wikicommons.

Difor vart planen også annleis. Peter si høgre hand på dette krigsteatret, 43 år gamle admiral Fjodor Apraksin (1671-1728), vart sjef for eit vågalt oppdrag. Med 99 galeiar, hundrevis av transportfarty og 15 000 soldatar skulle han snike seg langs land på nordsida av Finskebukta, i skjergarden.


Fornem nattevakt
Som tenkt så gjort. Stille og varsamt rodde den store konvoien og galeistyrken fram til grensa for den svenske blokaden. Om bord var også den 42 år gamle tsaren. Peter den store (1672-1725) var grenselaus brutal og viste ingen nåde når han meinte det var naudsynt. Men han var også nyfiken, kreativ og søkte spenning. Han såg på prosjektet som ei slags vidareutdanning for seg sjølv, og valde ei rolle om bord som bortimot inkognito. På den russiske flåten hadde han tittelen ”scoutbynacht” og gjekk under namnet Peter Michailovitsj. Tittelen hadde tsaren fått med seg frå opphaldet sitt i skipsmiljøa i Nederland. Det betydde noko slikt som ”den i flåteleiinga som held utkikk om natta”. Tilsvarar noko i nærleiken av den meir moderne nemninga ”kontreadmiral”.

Ankera gjekk ned ved bygda Tvärminne, i vika på austsida av Hangö-halvøya. På vestsida venta den svenske lineflåten. Rusta til tennene, og klare til å skyte i småbitar alt som skulle freiste å kome seg rundt odden. No kom det fleire veker med spenning og ventetid for den utålmodige tsaren. Dei to styrkane spionerte på kvarandre. Vindtilhøva gjorde det vanskeleg for den svenske flåten å kome innpå russarane. Møte fylgde på møte i staben hans, og Peter fekk sjølvsagt ein ide. Han gjekk i land for å finne ut kva terrenget hadde å by på.

Slepe over land
Kva om ein rett og slett slepte skipa over til den andre sida av halvøya? Lokale bønder kunne melde til den svenske flåtekommandoen om røyk, øksehogg og aktivitet frå russarane, på land! Flåtesjef Wattrang valde å dele styrken sin i tre. Han sjølv vakta passasjen forbi Hangö-odden med hovedskipa. Mot aust sende han åtte lineskip under admiral Lillie, for å spore opp russarane ved Tvärminne. Og for å møte planen om å slepe skipa over land sende han ein styrke på ni større og mindre skip frå skjergardsgruppa nord for odden og inn i vika. Sjefen for denne eskadren vart Nils Ehrenskiöld.

Det Wattrang og svenskane ikkje visste, var at Peter og staben hans snart forkasta den grandiose planen. Det nydelege stille sommarveret, med svak dis, opna for eit kupp. Medan dei svenske havsiglarane låg hjelpelause i vindstilla var tilhøva som skapt for dei russiske galeiskipa.

FyodorMatveyevichApraksin-WikiCom.jpg (89253 bytes)
Tsarens høgre hand: Grev Fjodor Matvejevitj Apraksin (1661-1728) var admiral og leiar for den russiske flåtestyrken ved Hangö. Han var også barndomsven og leikekamerat til Peter den store. Ukjend kunstnar. Wikicommons.

Det var tidleg, mandag 26. juli 1714. Brått fekk dei svenske mannskapa og sjefane morgonsupen i vrangstrupen. Med vantru, sjokk og sinne kunne dei berre sjå på dei russiske roskipa gli forbi, tett langs kysten, i lang rekke. Dei svenske lineskipa sette straks desperat i gang ein intens kanonade. Til ingen nytte. Dei russiske galeiane var for tett på land. Svenskane mangla vind for å kome nær nok til å få inn treff. Eskadren til Lillie, som skulle til Tvärminne, møtte same lagnad. Eit lite vinddrag var det i lufta, men det gjekk feil veg, austfrå. Tsaren hadde funne det veike punktet i blokaden.

Svenskane vart publikum, ”med största hjärtängslan samt harm och förtret”, som kjeldene seier. Dei russiske skipa nærmast paraderte forbi, før dei runda odden og forsvann.

Eit av skipa til tsaren gjekk likevel på grunn og havarerte under aksjonen. Svenskane tok straks dei 232 russarane om bord til fange. Etter avhøyra av fangane forstod dei fort kor dristig tsaren hadde vore. Det russiske statsoverhovudet hadde sjølv vore om bord på ein av galeiane som nettopp hadde passert.

Stockholm truga?
Godt over tretti russiske skip klarte å bryte blokaden og kom seg rundt halvøya. Med dette var det klart for siste akt i dramaet. Leiaren for den vesle svenske eskadren på andre sida, Nils Ehrenskiöld, forstod fort kva som hadde hendt. Han var på veg i rosjalupp til den svenske hovedstyrken. Meldinga var at det ikkje lenger var teikn til aktivitet på land ved Tvärminne. Før han kom fram til odden høyrde han lyden av den svenske eldgjevinga. Og med eitt dukka dei fremste russiske skipa fram. I ein augneblink var konklusjonen glasklar og nådelaus: Ehrenskiöld og styrken hans var med eitt den einaste hindringa mellom den russiske flåten og skjergarden ved Åbo og Åland. Vegen til hovudstaden Stockholm låg i prinsippet open for russarene.

Vegen attende til den svenske hovedstyrken var stengd for Ehrenskiöld og hans menn. Hjelp frå den kanten var heller ikkje å tenkje på, i dei tronge og grunne farvatna. Med ein samla styrke på 941 mann og 9 skip med 112 kanonoer måtte Ehrenskiöld aleine ta avgjerda: Kamp eller kapitulasjon. Første steg var opplagt: Styrken vart umiddelbart gjort kampklar, i ei halvmåneforma line tvers over Rilaxfjorden. Tirsdag 27. juli ved 14-tida let Fjodor Apraksin seg ro over til svenskane med tilbod om ærefull kapitulasjon.

Noko slikt let seg sjølvsagt ikkje kombinere med den svenske ærekjensla. Tilbodet vart blankt avvist. Ehrenskiöld hadde ikkje fått kommandoen over desse skipa for å gje dei bort i gåve, var svaret. Begge sider gjorde seg klar til strid. Og om lag klokka 15.00 gav Apraksin signalet til det russiske åtaket.

Korleis sjøslaget utvikla seg fins det fleire versjonar på. Heilt opp til verket Svenska Flottans historia kom ut på 1940-talet og dagens svenske Wikipedia-side vert det fortalt om storslått heltemot i møte med knusande overmakt. Ikkje mindre enn tre kraftfulle åtak vart avvist av svenskane, vert det sagt. Og dei russiske tapa skulle vere enorme: 55 tapte skip og 3000 døde soldatar.

Stormåtak
Truleg gjekk det heile noko meir trivielt føre seg. I boka Svenska slagfält festar dei svenske forfattarane størst truverd til den meir nøkterne russiske versjonen til historikaren Pavel Krotov. Ifylgje han opna slaget på tradisjonelt vis med ein lengre artilleriduell. Deretter starta eit samanhengande stormåtak frå den talmessig overlegne russiske styrken. Nøkkelen til sigeren vart truleg å omgå den svenske høgre flanken med ei mindre galeigruppe. Slik kunne russarane også falle svenskane i ryggen. Kampane vart sjølvsagt harde, sidan det ikkje var mogleg for svenskane å trekkje seg attende.

Den såra Nils Ehrenskiöld og dei attlevande svenskane vart tekne til fange av den russiske tsaren. Peter var mektig stolt av sigeren sin og var særs høvisk mot Ehrenskiöld.

For Russland var det viktigast at den svenske blokaden no var broten. Den russiske flåten feia over Åbo, og invaderte Åland i byrjinga av august. Noko åtak på Stockholm vart det ikkje i denne omgangen. Men Umeå vart plyndra og brend i midten av september. Russarane styrka stillingen sin i Åbo. I 1715 gjorde dei åtak på Gotland, og herja heile svenskekysten fram til freden 1721.

Stalinfest
Ehrenskiöld og 200 andre svenske fangar vart ført til St. Petersburg. Søndag 9. september 1714 vart det skipa til eit storarta triumftog der fangane, erobra svenske faner og skip vart synte fram. Sigeren fekk stor betydning for Russland. Mange krigsfarty har sidan hatt namnet ”Gangut”, som er det russiske namnet på Hangö. Og i 1939 avgjorde Stalin at siste søndagen i juli i framtida skulle feirast som den russiske marineflåten sin store dag.

Tsar Peter hadde sans for å gjere krus på overvunne fiendar. Ehrenskiöld fekk ny flott sølvbrodert frakk der han stod ved sidan av ”schoutbynacht” Peter under rapporten om sigeren i det russiske senatet. Den svenske offiseren var russisk krigsfange fram til freden i 1721. Det vert fortalt at han støtta og trøsta dei andre svenske fangane, men då han vart sett fri fekk berre få av dei andre vere med heim.

Marinebase og teaterfestival
Hangö fekk betydning i finsk historie også ved seinare høve. Mellom 1880 og 1930 var halvøya avreisepunktet for over 300 000 utvandrarar til Amerika. 3. april 1918 vart staden arena i den finske borgarkrigen. Den tyske generalmajor greve Rüdiger von der Goltz gjekk då i land med 9000 soldatar for å ta del på dei kvite si side.

Etter Vinterkrigen i 1940 vart Finland pålagd å leige ut Hangö-halvøya og Hangö by som marinebase for Sovjetunionen. All busetnaden på Hangö vart evakuert for dette formålet. Då framhaldskrigen braut ut i 1941 vart det også kampar her. Sovjetunionen drog etterkvart attende styrkane sine, og om kvelden tirsdag 2. desember 1941 forlet det sista sovjetiske marinefartyet Hangö. Russarane hadde bygd ein større flyplass medan dei heldt området. Denne vert i dag nytta av Hangö Flygklubb. Etter at Finland tapte framhaldskrigen, fekk dei likevel behalde Hangö, i byte mot Porkalaområdet.

I dag vert Finland sin største svenskspråklege teaterfestival skipa til på Hangö kvar sommar i juni. Mellom 30 og 40 teaterframsyningar går då over scenen i mange ulike lokale.

Av Stein Willumsen Kippersund

Slaget ved Hangöhalvøya, russisk Gangut:

Tidspunkt: 27. juli 1714
Stad:
27.Bengtsårsfjärden,  nord for Hangöhalvøya.
GPS:59°56'14"N, 23°4'54"E
Svensk styrke: Ein lett fregatt, 8 galeiar og mindre båtar, 941 soldatar. Tala er omstridde.
Russisk styrke: 23 galeiar.  Tala er omstridde.
Svensk tap: Alle farty med mannskap gjekk tapt, av mannskapa 361 døde.  Tala er omstridde.
Russisk tap: 469 døde og såra. Tala er omstridde.
Svensk øvstkommanderande: Nils Ehrenskiöld.
Russisk øvstkommanderande Fyodor Apraksin.

Kjelder:
Ericson, Lars, m.fl: Svenska slagfält. Wahlström & Widstrand, Stockholm 2003.
Hangö Frontmuseum.
Hangö Teaterträff.
Wikipedia m.m.

Finskebukta02-crp2.jpg (17383 bytes)
Strategisk punkt: Halvøya Hangö ligg ved inngang til Finskebukta, og opnar også mot skjergarden mellom Åland og Sverige. Wikicommons.

Teaternett bringer nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Vi vil også være et forum for debatt om kultur, historie og samfunn i et videre perspektiv. Ønsker du å bidra, ta kontakt. Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no