|
|
|
|
Støtte til ungdomsteater
Norsk Kulturråd aukar tilskotet til Nordic Black Theatre (NBT) frå 2,2 til 3,7
millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Kulturrådet. Tilskotet skal dekkje
den samla verksemda til Nordic Black Theatre. Mellom anna inkluderer det eit nytt
utviklingsprosjekt for ungdom, som skal erstatte teaterskulen til NBT.
Utviklingsprosjektet, som har tittelen Nordic Black Express, er eit tilbod om opplæring
og praksis til teaterinteressert ungdom med minoritetsbakgrunn. Deltakarane skal arbeide
seg gjennom eit program med skodespelartrening, worskhops og produksjonsoppbygging.
Deltakarane vert rekruttert for to år og får økonomisk støtte i opplæringstida.
Tilskotet føreset at NBT opprettar ei styringsgruppe for prosjektet og eit kunsterisk
råd.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt
teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår
epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|