AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
3. juni 2007

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger
Artikler

Arkiv
SØK



MATS EK byr opp

til dans og russaren Michail Barysjnikov stiller opp, med premiere 27.august.

Det er mannsrolla i duetten Ställe Barysjnikov har takka ja til, melder Dagens Nyheter. Oppsetjinga er eit eksperiment frå den svenske koreografen, og samarbeidet med Ana Laguna som kvinneleg motpart for den russiske danselegenda fungerer godt, skal vi tru avisa.

- Eg er svært glad for å være her, og arbeide med Mats og Ana, seier russaren til DN. - Til slutt, for det er aldri for seint. Eg har beundra Mats lenge. Så det er morosamt at vi kan gjere dette ved avslutninga av karriera mi.

Det blir premiere på Dansens Hus i Stockholm 27. august. I Noreg er Mats Ek mellom anna kjend for arbeidet med Cullbergballetten og si moderne oppsetjing av Svanesjøen og Tornerose.

Relatert link:
Michail Barysjnikov dansar i Stockholm Av Torbjörn Ivarsson. Dagens Nyheter 1.juni 2007

Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no