|
|
 |
 |
Ridder MONNA
Levande og gripande tolkning av ulike
roller, gjennomført med suksess.
Dette var det Ordensrådet la vekt på i si grunngjeving då skodespelar Monna
Tandberg torsdag 29. november vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St.
Olavs Orden for innsatsen sin i norsk scenekunst.
I ei pressemelding frå Nationaltheatret heiter det at det også vart lagt
vekt på Tandbergs bearbeiding av manuskript til kvinnemonologane. Monna
Tandberg gjekk ut frå Statens Teaterhøgskole i 1960 og har tolka over 70
roller. Ho har også hatt mange roller i film og fjernsyn. Mange barn vil
kjenne henne som "Dronning Fjellrose" i NRK-serien Jul i Blåfjell. I
2003 fekk Tandberg Per Aabels ærespris. Ho er i dag tilsett ved
Nationaltheatret.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|