|
|
 |
 |
PASJON i tekst og tone
Tema Teater er på trappene med
kyrkjekonsert i Oppland.
Gjennom framføring av tekst og kammermusikk ynskjer teatret å gje
opplevingar på ulike plan i kyrkjerommet. Musikken er høgdepunkt frå
Schubert, Mendelssohn, Haydn, Mozart, Dvorak og Arensky. Tekstane er valde
av Gro Ann Uthaug relatert til refleksjon og meining i pasjonen: Mellom anna
Henrik Wergeland, William Wordsworth, William Blake og William Shakespeare.
Utanom skodespelar Gro Ann Uthaug består turnegruppa av Svetlana Barantseva (fiolin), Olve Wendelbo (cello),
Line Løvland (piano) og Kristin Fyrand Mikkelsen (piano). Premiere blir 13.
februar i Øyer Kirke i Gudbrandsdalen.
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |
|
|