![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
(annonse) |
![]() |
|
![]() |
La Traviata med UNDERSKOT
Ringsakeroperaens storsatsing hausten 2007
vart ein publikums-suksess, men ifylge Hamar Arbeiderblad kostar det å vere
kar.
Ikkje mindre enn 403.558 kroner vart
det raude talet, men operasjef i Brumunddal, Durita Brattaberg, tek det
med fatning:
- Vi satsa stort i fjor og visste at det ville koste masse pengar, seier ho til HA. Heldigvis har Ringsakeroperaen oppspart eigenkapital, og faktisk vart underskotet 2000 kr mindre enn budsjettet la opp til. 2,8 millionar kroner kosta heile La Traviata-produksjonen. I år står Tosca på programmet, medan i 2009 blir det full satsing på Teskjekjerringopera. Den vil truleg koste meir enn La Traviata. Kjelde: Dyr opera-suksess. Av Jo Kjetil Heggelund. Hamar Arbeiderblad 8. april 2008 Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |