AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
23. mai 2008

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger
Artikler

Arkiv
SØK



  Ler du på FEIL STAD?

Er du mellom dei som tek seg ein høg ein i teatret, når du ser noko morosamt? Og av fortørna blikk og miner skjønar du at, oj, dette var ikkje meininga. Ikkje her...


"Eit kjærleg sleivspark til scenekunsten" kallar gruppa bak Humorvariasjonar stykket som har premiere på Caféscenen på Centralteatret 28. mai. Framsyninga er ein ide frå Mentale Modellar, og Per Rønningen har regien utifrå eit manus av Marius Leknes Snekkevåg og Linda Mahala Mathiassen.

I framsyninga møter vi ei fiktiv friteatergruppe som spelar seg gjennom dei ulike sjangrane for å freiste å finne ei som høver til dei og historia deira.

Det er tre skodespelarar på scenen, Marius Leknes Snekkevåg, Linda Mahala Mathiassen, og Lars Trygve Rømmerud.
Kreativ konsulent er Linda Huuse Johansen og ansvarleg for lys og lyd er Cathrine Godager.
 
 
"Et kjærlig sleivspark til scenekunsten" kallar gruppa bak Humorvariasjonar framsyninga si.

Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no