|
|
 |
|
Flaggermus vart OPERALØVE
Flaggermus kan som kjent ikkje sjå, men styrer etter lyden. Og ei
framsyning på operaen Don Carlo var nok eit fint høve til å teste
lydanlegget i Bjørvika.
- Vi observerte eit uidentifisert flygande objekt, som
flaug febrilsk rundt oppe i takområdet, fortel informasjonssjef Sverre
Gunnar Haga i Den norske opera og ballett til NRK. - Flaggermusa har nok
truleg kome seg inn gjennom ei røykluke som stod open.
Ikkje reklamestunt
Så får vi tru Haga, når han held fast på at flygeturen ikkje var eit
reklamestunt for framsyninga Flaggermusen, som vert sett opp seinare
i haust. Og kvar den vesle skapningen er no er det ingen som veit. Kanskje
ho kjem attende, som premiereløve? Kva slags framsyning det må bli seier seg
vel sjølv...
Relatert link:
Denne flaggermusen er ikke fotomanipulert. Kan bli årets beste naturfoto
Av Astrid Meland. Dagbladet 2.oktober 2008
Flaggermus i operaen Av Anne Christine Bratt. Nrk.no.
24. september 2008
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|