|
|
 |
|
SCROOGE på teiknspråk
Neste onsdag er det klart for Dickens på
teiknspråk i hovedstaden.
Teater Manu står for prosjektet, staden er Christies gate
5 i Oslo, og framsyninga er den kjende En julefortelling (A Christmas
Carol) av den engelske forfattaren Charles Dickens. Teatersjef ved Teater
Manu, Mira Zuckermann har regien, og skodespelarane er Leikny Holden og
Robert (Rob Roy) Farmer. Framsyninga er også sett i scene for høyrande, og
Kjersti Fjeldstad gjev norsk røyst til skodespelarane. Med seg har
skodespelarane også fire skjermar som fungerer som biletbok, så her blir det
mogleg å lære seg nye teikn. Det blir fire framsyningar i Oslo.
Relatert link:
Teater Manu
Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å
være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no
|
|
|